Her kan du få hjelp til å klage på selskap som driv med parkeringshandheving og fjerningsverksemd. Klaga di kan gjelde parkeringsgebyr, borttauing av køyretøy eller purringar/inkassovarsel på parkeringsgebyr der den opphavlege bota ikkje er motteken. Rettane dine og høvet du har til å klage overfor parkeringsselskapet, er avhengig av kvar handhevinga er gjord, og kva selskap som har utført kontrollen.
Det går eit hovudskilje på kva reglar som gjeld mellom parkeringshandheving som er gjord på offentleg grunn, og parkeringshandheving på privat grunn.
Parkeringshandheving på offentleg grunn er lovregulert gjennom vegtrafikklova og tilhøyrande forskrifter, der parkeringsforskrifta er den mest sentrale. Parkeringshandheving på offentleg grunn er det som regel trafikketaten i kommunen som utfører. Til forskjell frå parkeringshandheving på privat grunn skal staden vere skilta med ein kvit P på blå bakgrunn.
Parkeringshandheving på privat grunn er ikkje lovregulert. Her er det berre alminnelege kontraktsrettslege reglar som gjeld. Det betyr at parkeringsselskapa står relativt fritt til å fastsetje vilkår som gjeld for parkering, og som kunde aksepterer du vilkåra når du set frå deg køyretøyet på den aktuelle staden. På privat grunn er det som regel private parkeringsselskap som utfører kontrollen. Parkeringsplassen er som oftast skilta med kvit P på svart bakgrunn.
Dei fleste av dei private parkeringsselskapa har inngått ein avtale med forbrukarstyresmaktene om felles retningslinjer for parkeringshandhevinga, og er tilslutta ei nasjonal klagenemnd for parkering.
Her kan du sjå kva selskap som har slutta seg til ordninga, og kva reglar som gjeld.
Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737
Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)