Husleigelova regulerer rettar og plikter både for den som leiger, og den som leiger ut ein bustad.
Lova gir godt vern for leigetakaren, men det finst føresegner som opnar for at partane kan gå bort frå reglane etter avtale. Leigetakarvernet er spesielt sterkt når det gjeld oppseiing og depositum. Du som leiger, har òg spesielle rettar i samband med manglar ved bustaden og regulering av husleiga.
Partane står fritt til å velje avtaletype, og husleigeavtala kan vere tidsbestemt eller tidsubestemt. Det kan òg avtalast ei oppseiingstid innanfor ramma av ein tidsbestemt leigekontrakt. Leigeavtala kan gjerast munnleg, men dersom ein av partane krev det, skal ho setjast opp skriftleg. Forbrukarrådet anbefaler skriftleg kontrakt. Du kan laste ned ein gratis standard husleigekontrakt på forbrukerportalen.no.
Les meir om husleige på forbrukerportalen.no
Vel problemområde: |
Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737
Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)