Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder:

Bokmål / Nynorsk

Kva rettar du har i samband med leige av bil, er ikkje lovregulert, men kjem an på kva som er avtalt. Det gir likevel ikkje rett til å avtale kva som helst. Det er krav om at vilkåra i ei slik avtale ikkje skal vere urimelege. Når det gjeld medlemer av Norges Bilutleieforbund, bruker dei ei standardavtale som er utvikla i samarbeid med Forbrukarombodet. Hos dei andre selskapa er avtalene forskjellige.

Ved klage på eit medlem av Norges Bilutleieforbund kan du, ved eit eventuelt avslag, klage saka inn for klagenemnda for bilutleige.

Ved klage på eit firma som ikkje er medlem av Norges Bilutleieforbund, kan du ved avslag bringe saka inn for Forliksrådet. Det er berre aktuelt dersom du meiner at du har eit krav om økonomisk kompensasjon. Er det firmaet som meiner å ha pengar til gode hos deg, er det opp til firmaet å bringe saka inn for Forliksrådet. Det er likevel viktig å sende ei skriftleg klage på forholdet, slik at saka ikkje kan gå til inkasso og det ikkje blir lagt til unødvendige inkassokostnader. Obs! Dersom du taper i Forliksrådet, kan det medføre sakskostnader for deg.

Klager i samband med leige av bil i utlandet skal rettast til ForbrukerEuropa/ECC Norge, som er ei europeisk klageordning som omfattar alle EU- og EØS-land


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)