Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Eigedomsmekling

Bokmål / Nynorsk

Når seljaren bruker ein eigedomsmeklar eller advokat som medhjelpar ved sal av ein eigedom, er jobben til meklaren/advokaten regulert av eigedomsmeklingslova. Denne lova seier at meklaren har plikter både overfor den som sel, og den som kjøper eigedommen.

Meklaren skal vere ein nøytral mellommann og skal ta omsyn til interessene til begge partane, bortsett frå når det gjeld prisen. Meklaren skal sjølvsagt òg utføre oppdraget i samsvar med god meklarskikk. Norges Eiendomsmeglerforbund og Advokatforeningen har utarbeidd etiske reglar som meklaren/advokaten skal følgje.

Her finn du dei etiske reglane til Norges Eiendomsmeglerforbund: http://www.nef.no

Eigedomsmeklingslova stiller òg krav til journalføring og behandling av tiltrudde midlar. Eigedomsmeklaren må dessutan stille sikring. Sikringa skal dekkje ansvaret eigedomsmeklarføretaket kan få når dei meklar.

Kredittilsynet fører tilsyn med bransjen.

Les meir om eigedomsmekling på forbrukerportalen.no

Vel problemområde:


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)