Når du kjøper eigedom, er rettane dine regulerte av avhendingslova. Lova gjeld kjøp og sal av fast eigedom.
Fast eigedom er tomta/grunnen og det som er varig knytt til grunnen, til dømes einebustad, rekkjehus, sjølveigarleilegheit, gardsbruk eller hytte.
Men avhendingslova gjeld ikkje for aksje- og obligasjonsleilegheiter og etablering av tomtefeste.
Les meir om avhendingslova og kva rettar du har, på forbrukerportalen.no.
Du har ein reklamasjonsfrist på fem år når du har kjøpt fast eigedom. I tillegg er det viktig å reklamere innan rimeleg tid etter at du oppdaga mangelen. For at rettane dine skal gjelde, må du reklamere før du set i gang tiltak (til dømes reparasjonar eller utbetringar).
Klag alltid direkte til seljaren. Men ver merksam på at mange bustadseljarar har teikna eigarskifteforsikring. Som kjøpar av eigedommen kan du òg klage direkte til eigarskifteforsikringsselskapet.
Eigedommen har ein mangel dersom han ikkje er i samsvar med det som er avtalt, inkludert avtaledokument som takst, prospekt og eigenfråsegn. Er eigedommen seld med atterhald om at han blir overteken "som han er", "i same stand som framvist" eller liknande, er det ein mangel berre når det er gitt feil opplysningar, når seljaren har halde tilbake opplysningar som har verka inn på kjøpet, eller når eigedommen er i vesentleg dårlegare stand enn venta.
Når eigedommen har ein mangel, har du rett til å få mangelen utbetra eller å få prisavslag. Dersom mangelen inneber eit vesentleg avtalebrot, kan du krevje å få heva avtalen. Du kan òg krevje erstatning for utgifter du har hatt på grunn av mangelen.
Tidspunktet for overleveringa er gjerne avtalt på førehand. Dersom eigedommen ikkje er klar til å bli overlevert på det avtalte tidspunktet, kan du krevje at avtalen blir oppfylt, krevje erstatning eller halde tilbake kjøpesummen. Er forseinkinga vesentleg, kan du krevje å få heva kjøpet.
Vel problemområde: |
Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737
Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)