Bustadoppføringslova regulerer rettane og pliktene dine når du skal oppføre ny bustad, og når du skal kjøpe fast eigedom der bygningen ikkje er ferdig når avtalen blir gjord. Lova gir deg mellom anna rettar når overtakinga av bustaden er forseinka, eller når det er manglar ved bustaden.
Les meir om bustadoppføringslova og kva rettar du har, på forbrukerportalen.no.
Kor lenge kan du klage? Reklamasjonsfristen er fem år etter at du overtok huset/bustaden. Du må likevel reklamere innan rimeleg tid etter at du oppdaga mangelen.
Dersom det ikkje blir halde overtakingsforretning1 eller du ikkje kan ta bustaden i bruk innan den avtalte fristen, er ytinga forseinka. Hugs at når du tek i bruk bustaden, så bryt du fristen for å fremje krav på bakgrunn av forseinking, og reklamasjonsfristen begynner å gå.
1. Å halde overtakingsforretning vil seie at du skriv under på kjøpsavtalen, og får eventuelle nøklar eller nødvendig dokumentasjon på at eigedommen er din.
Bustaden har ein mangel dersom han ikkje er i samsvar med avtala. Bustaden er òg mangelfull når han ikkje er i samsvar med lova eller forskriftene, til dømes dersom det er feil ved elanlegget eller pipa.
Vel problemområde: |
Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737
Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)