Råd og rettar.
Har du nokon gong hatt ein lampe som har begynt å brenne, ein oljeomn som har eksplodert, eller ei barnevogn som har klappa saman under bruk? Kanskje du har fått ein allergisk reaksjon, hevelsar, blemmer eller sår etter å ha brukt ein hudkrem, deodorant eller hårfarge?
Blir du uroa når du les om nye farlege stoff i forbruksprodukt som kan verke hormonhermande, miljøskadeleg eller kreftframkallande? Eller har du kanskje blitt sjuk etter eit restaurantbesøk?
Alt dette handlar om produkttryggleik. Produkt skal ifølgje regelverket vere trygge, men det er ikkje alltid sånn i praksis.
Forbrukarrådet har derfor utarbeidd denne faktainformasjonen med råd og rettar til deg.
Miljømerke gir deg høve til å velje dei minst miljøbelastande produkta i marknaden. Det som er best for miljøet, er ofte også best for helsa vår. Du kan stole på at det utgjer ein forskjell å velje Ø-merkte, svanemerkte eller blomstermerkte produkt.
Har du likevel opplevd at eit produkt har gitt deg helseplage eller -skade, er det viktig at du klagar til seljaren eller produsenten/importøren, og at du melder frå til den rette kontroll- og tilsynsstyresmakta.
Det gjeld òg dersom produktet viser seg å kunne vere farleg på andre måtar.
Dersom eit produkt er skadeleg eller medfører helsefare ved normal bruk, har du etter forbrukarkjøpslova rett til å få pengane tilbake. Er du påført økonomiske utgifter i samband med ein skade, slik som utgifter til legebesøk og medisinar, har du krav på å få dette dekt av seljaren/importøren/produsenten.
Annan ikkje-økonomisk skade, slik som tap av hår ved bruk av hårfargingsprodukt, etseskadar ved bruk av kremar eller langvarig salmonellainfeksjon etter inntak av mat, er det svært vanskeleg å få økonomisk erstatning for. Produktansvarslova krev minst 15 % medisinsk invaliditet (varige mein) for slike typar skadar.
Forbrukarrådet arbeider for å sikre forbrukarane betre rettar på dette feltet. Det er derfor viktig at du melder frå ved skadar eller helseplager, slik at styresmaktene blir klar over omfanget og får større forståing for at regelverket må skjerpast.
Dersom produktet har ført til skade på inventar eller andre ting, gir produktansvarslova deg rett til å krevje økonomiske utgifter ut over kr 4.000,- dekte av seljaren/produsenten.
fører tilsyn med dei fysisk/mekaniske, termiske og brannmessige eigenskapane ved produkt. Dersom ein TV eller lampe kortsluttar eller tek fyr, barnet ditt får hovudet mellom sprinklane i ei barneseng, ein trampoline knekk saman eller eit barnesete ikkje verkar som det skal, kan du melde frå til DSB. Meld òg frå om leikar eller smokkar går i bitar eller er utforma slik at barnet ditt kan setje noko fast i halsen. Heimeside: www.dsb.no, Telefon: 33 41 25 00
fører tilsyn med at forbruksprodukt ikkje inneheld helse- og miljøfarlege stoff som gir problem. SFT har òg ansvar for at produkt ikkje gir for mykje støy. Dersom du får utslett frå eit klesplagg eller smykke, får sterkt ubehag i samband med eit produkt eller kjem over eit produkt som luktar mistenkeleg sterkt, kan du melde frå til SFT.
Det gjeld òg dersom eit leiketøy, til dømes ein krutlappistol, ein leiketelefon eller andre produkt, gir for høg lyd.Hugs at barnet ditt har meir sårbare sansar enn du sjølv har. Heimeside: www.sft.no, Telefon: 22 57 34 00
fører tilsyn med maten vår, matemballasje og andre produkt som er laga for kontakt med mat og drikke, drikkevatn og kosmetikk/kroppspleieprodukt/toalettartiklar.
Mattilsynet fører òg tilsyn med restaurantar og andre serveringsstader. Dersom du har blitt sjuk av mat frå butikken eller etter eit restaurantbesøk, eller kjem over ein oppbevaringsboks for mat som luktarmistenkeleg sterkt, kan du melde frå til Mattilsynet.
Du kan òg seie frå til Mattilsynet omdu har fått kløe/utslett, sår, blemmer eller liknande etter å ha brukt hårfarge eller -bleikjemiddel, hudkrem, deodorant, sjampo eller eit anna kosmetisk produkt.
Heimeside: www.mattilsynet.no Telefon: 6040
Forbrukarrådet har fått ein del førespurnader om kosmetikk og kroppspleiemiddel/toalettartiklar som har gitt helsemessig ubehag, plage eller skade.
Undersøkingar og erfaringar frå andre land tyder på at det er mange fleire forbrukarar som opplever liknande ting.
Forbrukarrådet har derfor laga eit klageskjema du kan nytte. Det finn du her
Dersom du får sterkt ubehag, plage eller skade, er det viktig
Kosmetikkregelverket gir deg rett til å få informasjon frå produsenten eller importøren av eit produkt – både om det finst data på uønskte helseeffektar frå bruk av produktet og kva for helseeffektar det i så fall er snakk om.
Du har òg rett til informasjon om produktet inneheld klassifiserte helse- og miljøfarlege stoff og eventuelt i kor store mengder.
Dersom du ikkje får svar på ein slik førespurnad, kan Mattilsynet hjelpe deg.
Som forbrukere vil vi gjerne velge produkter som er helse- og miljømessig trygge.
Produktkontrolloven, kosmetikkloven, matloven m.fl . skal sikre oss dette og myndighetene fører kontroll og tilsyn med at regelverket følges. Allikevel finnes det likevel produkter på markedet som viser seg å inneholde stoffer med uønskede helse- og miljøeffekter.
I EU har ein klassifisert om lag 3.500 stoff som helse-, miljø-, brann- og/eller eksplosjonsfarlege. Det er framleis lite kunnskap om dei fleste kjemiske stoffa på marknaden, stoff som blir brukte mellom anna i vanlege forbruksprodukt. Ny kunnskap dukkar stadig opp, anten frå uavhengige forskarar eller frå industrien sjølv. Asbest og PCB er døme på stoff som hadde fantastiske brukseigenskapar og som ein tidlegare ikkje visste at også hadde svært alvorlege helse- og miljøfarlege eigenskapar. Desse stoffa er no forbodne.
Ny kunnskap fører til at nye helse- og miljøfarlege kjemikalium framleis vil bli avslørt – stoff som kan gi allergiske reaksjonar, forstyrre hormonbalansen i kroppen, redusere forplantingsevna vår eller føre til skade på dyre- og planteliv.
Det finst likevel fleire merke på forbruksvarer som kan hjelpe deg å velje dei tryggaste produkta.
Svanen og Blomsten er det offisielle nordiske og europeiske miljømerket. Svanen og Blomsten garanterer at det er teke helse- og miljøomsyn i heile levetida til produktet, frå produksjon og bruk og til det endar opp som avfall.
Merka stiller strenge krav til kvalitet, energi- og ressursforbruk, utslepp og bruk av kjemikalium.
Dei er frivillige ordningar og kan derfor raskare setje strenge krav til helse- og miljøfarlege stoff når ny kunnskap dukkar opp, enn styresmaktene kan gjennom regelverket.
I Noreg er det Stiftelsen miljømerking som handterer Svanen og Blomsten. Kriteria for å oppnå miljømerka blir innskjerpa etter kvart og det blir sett stadig strengare krav til produkta.
Du kan lese meir på Miljømerkings heimesider.
Ø-merket stadfester at produktet ikkje inneheld råvarer der det er brukt sprøytemiddel under dyrkinga. Genmodifiserte organismar eller produkt som er framstilte ved hjelp av slike, er ikkje tillatne i nokon samanheng.
Det er Debio, den norske godkjenningsinstansen for økologisk produksjon, som administrerer merkeordninga.Du kan lese meir på Miljømerkings heimesider.
Nokre produsentar nyttar miljøpåstandar eller merke som kan verke villeiande for forbrukarane. Dersom du legg merke til miljøpåstandar eller merke som du er i tvil om produsentane har dekning for, kan du tipse Forbrukarombodet om det.
Forbrukarombodet fører tilsyn med at det ikkje blir nytta villeiande forretningsmetodar og har laga retningslinjer for bruk av etiske påstandar i marknadsføringa.
Forbrukarrådets miljømerkeguide gir deg oversikt over dei viktigaste miljømerka og relaterte merke.
Produsentar, importørar og forhandlarar er ansvarlege for at produkt og forbrukartenester er trygge og i samsvar med regelverket. Særleg har produsentar og importørar plikt etter produktkontrollova til å skaffe seg kunnskap om produkt kan ha eigenskapar som kan føre til helseskade eller miljøforstyrring. Både dei og forhandlarane har dessutan plikt til å vise varsemd og skal hindre at det oppstår helseskade eller miljøforstyrring i samband med normal bruk av produkt eller forbrukartenester.
For ein del produkt og forbrukartenester gjeld eigne lover og forskrifter, til dømes matlova, kosmetikklova og leiketøyforskrifta.
Ikkje alle produkt er heilt risikofrie. Dersom det er nødvendig, må dei som har produktansvar, gi nok rettleiing til deg som forbrukar om korleis du bruker produktet eller tenesta, til dømes gjennom ei bruksrettleiing.
Kjemiske produkt og lækjemiddel
Kjemiske produkt kan vere farlege og må
berre brukast som tilrådd.
Lim, måling, lakk, white-spirit og ei rekkje andre forbruksprodukt høyrer med til dei såkalla kjemiske produkta. Mange av desse produkta inneheld helse- og miljøfarlege stoff som er nødvendige for at dei skal verke som tiltenkt.
Dersom dei inneheld kjemiske stoff som er klassifiserte som eksplosive, brannfarlege eller helse- og/eller miljøfarlege, skal dei vere merkte med faresymbol og annan viktig informasjon om risiko og rett bruk.
Vaskemiddel er delvis omfatta av det same merkekravet.
Set derfor aldri frå deg eit kjemisk produkt på stader der barn kan få tak i det!
Lækjemiddel kurerer sjukdommar og kan vere livsviktige for mange. Men lækjemiddel kan òg gi biverknader. Les derfor alltid pakningsvedlegget til medisinar du bruker. Der får du informasjon om kva biverknader som er oppdaga hos andre som har brukt det same produktet. Dersom du sjølv merkar uvanleg ubehag eller plager i samband med medisinbruk, bør du alltid kontakte legen din.
Legemiddelverket kan òg svare på spørsmål og hjelpe deg.
Du har rett til å spørje i butikken om eit produkt inneheld stoff eller har eigenskapar som kan gi helseskade eller miljøforstyrring. Og butikken pliktar å gi deg eit skikkeleg svar. Viss ikkje kan du klage han inn for Klagenemnda for miljøinformasjon.
Miljøinformasjonslova gir deg rett til opplysningar frå private verksemder om forhold ved verksemda (innsatsfaktorar, produkt og utslepp, o.a.) som påverkar miljøet.
Du kan òg stille spørsmål om konkrete forbruksprodukt, som blir regulert av § 10 i produktkontrollova. Lova gir deg rett til å få vite om eit produkt inneheld komponentar eller har eigenskapar som kan føre til helseskade eller miljøforstyrring og kva komponentar eller eigenskapar det er snakk om.
Lurer du på om det kan vere hormonforstyrrande stoff i sjampoen du har lyst å kjøpe, har du krav på å få vite det. Inneheld datamaskina farlege stoff, som til dømes kvikksølv eller bromerte fl ammehemmarar? Er jakka du har lyst på overflatebehandla med dei nyoppdaga fluormiljøgiftene? Inneheld gummistøvlane til treåringen ftalatar?
Butikken pliktar å gi deg eit skikkeleg svar. Du har rett til å få vite om alt frå produksjonsprosessar til innhaldet i produkta som blir brukte og omsette. Rettane dine stansar ikkje ved Noregs grenser. Nokre importerte varer kan ha belasta miljøet der dei kjem frå eller ha ført til helseskadar hos arbeidstakarar eller lokalbefolkninga. Dersom du lurer på slike ting og seljaren ikkje kan svare, har vedkommande plikt til å undersøkje nærmare for deg. Den som får spørsmålet pliktar å sjekke minst eitt ledd bakover i kjeda dersom han eller ho ikkje allereie har denne informasjonen tilgjengeleg.
Ofte kan ikkje butikkpersonalet eller andre svare direkte på spørsmåla dine. Då kan det vere lurt å følgje opp med ein skriftleg førespurnad til butikken eller produsenten/importøren i Noreg. Då har du størst sjanse til å få eit godt svar.
Butikkar eller andre du spør om miljøinformasjon, pliktar å gi deg svar snarast råd og seinast innan ein månad. Dersom det er svært arbeidskrevjande å få tak i informasjonen innan éin månad, kan han leverast innan to månader. Då skal du i tilfelle bli informert om årsaka og når du kan vente å få informasjonen. Dette skal du uansett få snarast mogleg og seinast innan éin månad.
Dersom du ikkje får svar innan to månader eller ikkje er nøgd med svaret du får, kan du klage til Klagenemnda for miljøinformasjon. Klagen må sendast innan tre veker frå du har fått eit mangelfullt svar eller avslag frå verksemda. Har du ikkje fått svar etter to månader, blir det rekna som eit avslag som kan klagast inn til nemnda. Klagen må vere skriftleg.
Nemnda avgjer så om verksemda må gi deg betre svar på spørsmålet ditt eller om dei allereie har svart tilfredstillande. Miljøinformasjonslova gir deg fleire rettar enn dei vi har omtalt her. Du har òg krav på miljøinformasjon frå offentlege styresmakter. Gjeld klagen din eit offentleg organ, skal du rette han til nærmaste overordna styresmakt.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
(Foto: )
Har du opplevd at eit produkt har gitt deg helseplage eller -skade, er det viktig at du klagar til seljaren eller produsenten/importøren og at du melder frå til den rette kontroll- og tilsynsstyresmakta.
Det gjeld òg dersom produktet viser seg å kunne vere farleg på andre måtar.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)