Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Pakkereiser – dine rettar (nynorsk)

Hører til pakkereiser

Ein pakketur er lik all anna teneste eller vare. Du kan forlange at pakketuren svarer til omtalen, og at reklamen held det som er lova. Dersom det ikkje er slik, har du grunn til å klage. Her får du råd om rettane dine og om korleis du bør gå fram når du vil klage.

Innholdsfortegnelse

Lov om pakkereiser

Loven gir rettar til den reisande, rettar som ikkje kan fråvikast. Det vil seie at ein arrangør ikkje kan gjere ein avtale med deg som gir deg dårlegare vern enn det loven fastset. Derimot er det fullt lovleg å gi betre vilkår.

Kva er ei pakkereise?

Pakkereiser omfattar både tradisjonelle charterturar og arrangement som inneheld minst to av følgjande tre element:

  • Transport
  • Innkvartering
  • "Anna turistteneste", f.eks. reise med overnatting til sports eller underhaldningsarrangement.

Turen må vere med overnatting, eller han må vare meir enn 24 timar. 01.01.2007 trådde det i kraft nye endringar i definisjonen av kva som er ein pakkereise. Tidligare var det et vilkår at arrangementet måtte være ”på forhand” tilrettelagt. Endringa går ut på at ”på forhand” fjernes.

Dette medfører at fleire reiser nå vil kunne bli omfatta av loven. For eksempel er bestilling på internett blitt meir vanlig, og på enkelte nettstader leggast det opp til at kunden sjølv plukkar ut element til ein reise og setter disse saman. Det er presisert i pakkereiseloven at det vil kunne være ein pakkereise der blant anna nettstader legger opp til at kunden vel ut enkeltelementa sjølv, men kor elementa kan kombinerast.

Det er stadig et vilkår at arrangementet er marknadsført eller selt til ein samla pris.
Eksempel på pakkereiser:

  • Veketur til Syden med reise og opphald inkludert.
  • Opphald i hotell i Lærdal med høve til laksefiske.
  • Tur med hurtigruta kan vere pakkereise når transport, opphald, måltid og opplevingar er inkludert.
  • Turen kan også vere ein rein transport frå ein stad til ein annan - då er det ikkje pakkereise.
Er du i tvil om du har bestilt pakkereise, ta kontakt med Forbrukerrådet.

Viktige forhold som blir regulert av loven

  • Både arrangøren og reisebyrået som sel turen har ansvar for at pakkereisa er i samsvar med det som er opplyst i marknadsføringa/brosjyrar eller avtalt.
  • Arrangøren har ansvar for at avtalen om reisa blir gjennomført. Dette gjeld også tenester frå underleverandør. Inkluderer pakkereisa for eksempel leige av bil og dette ikkje blir oppfylt, eller du får ein dårlegare bil enn avtalt, er arrangøren ansvarleg. Sjølv om du ikkje har hatt økonomisk tap, kan du få ei godtgjersle dersom forsømminga har vore til vesentleg ulempe for deg.
  • Arrangøren pliktar å informere deg om vesentlege praktiske forhold som har noko å seie for reisa, f.eks. reglar når det gjeld pass og visum, forsikring, eventuelle vaksinar osv. Reisande med pass utanfor EU/EØS-området bør kontakte den norske ambassaden.
  • Frå arrangøren skal du få tilbod om forsikring når det gjeld avbestilling. Forsikringa gir deg rett til vederlagsfri avbestilling dersom du, reisefølgjet ditt eller den nærmaste familien blir ramma av alvorleg sjukdom, eller blir utsett for andre alvorlege hendingar før avreisa. Ved slik avbestilling er det vanleg praksis i dag at ein må betale eit mindre administrasjonsgebyr.
  • Dersom det på førehand skjer endringar som vil føre til vesentleg ulempe for deg, kan dette utgjere ein mangel og føre til at du kan avbestille reisa kostnadsfritt før ho har begynt. Det kan f.eks. gjelde ny informasjon om støy på byggjeplass, at det ikkje er symjebasseng og heller ikkje ein barnevennleg stad.
  • Ved såkalla force majeure-situasjonar på reisestaden dei siste 14 dagane før reisa skal starte, kan du avbestille turen vederlagsfritt. Slike situasjonar er f.eks. krigshandlingar, naturkatastrofar eller anna som kan innebere ein risiko for deg.
  • Utan å opplyse om grunn har du rett til å avbestille turen inntil 30 dagar før reisa tek til. For dette må du betale eit passande gebyr. Fristen kan variere, avhengig av kor lenge reisa skal vare. Avbestiller du etter at fristen på 30 dagar har gått ut, vil du tape det innbetalte depositum. Dess nærmare datoen for avreise du avbestiller, dess mindre av prisen på reisa får du tilbakebetalt.
  • Arrangøren er bunden av den avtalte prisen. Dersom han har teke atterhald om endringar i prisen, kan han endre prisen dersom grunnen er auka utgifter til transport, auke i skattar/avgifter eller endra valutakurs. Dei siste 20 dagane før avreise kan ikkje avtalt pris endrast. Aukar prisen med meir enn 10 % etter at det er gjort avtale, har du i alle tilfelle rett til å heve reisa.
  • Arrangøren kan avlyse turar med for få påmelde deltakarar, dersom han har teke atterhald om det. Minste talet deltakarar skal det vere opplyst om, og du skal få skriftleg melding om avlysinga.
  • Blir du sjølv hindra frå å reise, kan ein annan person overta pakkereisa under føresetnad av at vedkommande oppfyller krava arrangøren har sett for å kunne delta. Ein må gi melding i god tid før avreise.
  • Ved tvistar skal arrangøren opplyse om retten til behandling i klagenemnd.

Les katalogen nøye!

Ein pakketur er på mange måtar laga for "gjennomsnittsturisten." Enkelte blir misnøgde fordi dei hadde forventningar til reisa som ikkje blei innfridd. Dette kom kanskje av at dei ikkje las tilbodet frå arrangøren skikkeleg, og dei kjøpte ei reise som var noko anna enn det dei trudde ho var.

Har du spesielle krav til reisa, er det ekstra viktig at du les katalogen nøye - ikkje berre det som står med store bokstavar. Det er også viktig at du gir opplysning om spesielle føresetnader når du bestiller og får dette skrive ned i avtalen.

Reisebeviset/skriftleg avtale

Reisebeviset saman med katalogen og annan orientering du har fått tilsendt, gir ei framstilling av pakkereisa du har kjøpt. Reisebeviset er også deltakarbeviset - billetten til turen. Du bør kontrollere beviset eller den skriftlege avtalen nøye, slik at du veit at du får det du har bestilt.

Dersom noko er ein føresetnad for bestillinga di, må du få dette stadfest skriftleg.

Eventuelle ting du betaler ekstra for, skal alltid vere spesifisert. Har du spesielle ønskje som ikkje er ein stadfesta del av avtala, er du ikkje sikra oppfylling.

Ver merksam på at munnlege forsikringar frå seljaren om at "det ordnar seg sikkert" ikkje er nokon garanti for at eit ønskje blir etterkomme. Det er heller ikkje nok å notere noko ned som ønskje.

Reisegaranti

Loven bestemmer at arrangørar av pakkereiser i Noreg skal stille reisegaranti. Garantien skal sikre det du har betalt inn på førehand. Dersom turen har starta, skal han sikre deg at du får dekt utgifter til tilbakereise, ekstra utgifter til opphald og eventuelt andre dokumenterte ekstrautgifter.

Frå 01.01.2007 ble reisegarantiordninga utvida. For det første plikter arrangør å stille reisegaranti for transport som skjer saman med ein pakkereise. For eksempel tilfeller der kunden bestiller berre flybillettar av ein charteroperatør (”seat-only”-arrangement). Det er blitt meir vanlig at charteroperatørane tilbyr separate flyseter på de chartra flyene. Dette vil også gjelde der transporten gjelder båt eller buss.

For det andre blir reisegarantiordninga utvida til å omfatte reiser som består av transport og innkvartering som i det vesentlige likner på ein pakkereise. Dette vil være tilfeller der elementa seljes i samanheng med kvarandre slik at ein kombinasjon er naturlig. Et eksempel på dette kan være der ein kunde kjøper fly og hotell til same reisemål.

Utvidinga av reisegarantiordninga gjelder berre i forbrukarforhold. Du skal vere merksam på at det finst piratar på marknaden som ikkje stiller garanti. Sjekk i katalogen eller med seljaren at garantien er i orden. Sjå etter logoen til Reisegarantifondet.

Ta problema opp med ein gong!

Dersom det er ein mangel ved reisa, har du krav på at arrangøren gjer sitt beste for å rette på det. Det betyr at du må ta problemet opp med reiseleiaren/arrangøren sin representant med ein gong. Dersom dei ikkje har fått høve til a hjelpe deg på staden, kan du seinare misse retten til erstatning eller prisavslag. Det er likevel ikkje alltid at reiseleiaren er i stand til å løyse problema.

Då er det greitt å vite at dersom mangelen ikkje blir retta, kan du ha krav på avslag i prisen.

Dersom du i tillegg er påført økonomisk tap, kan du ha krav på erstatning. I særlege tilfelle kan du også ha krav på erstatning for andre vesentlege ulemper.

Dersom du ikkje får det du har bestilt

Du kan ha krav på avslag i prisen dersom du ikkje får det som er spesifisert i reisebeviset eller som arrangøren lova gjennom katalogen. Det kan f.eks. vere at symjebassenget manglar, at leilegheita ikkje har balkong som føresetnaden var, at det er lang veg til stranda, at hotellet ikkje er barnevennleg, eller at du hamnar i ei leilegheit med eitt rom når du har bestilt tre rom.

Det hender at reisearrangøren må innkvartere deg på ein annan stad enn der du hadde bestilt. Då har du krav på like god eller betre standard enn den du opphavleg skulle ha. Dersom arrangøren ikkje klarer å oppfylle dette snarast, har du krav på avslag i prisen. Dersom du må flytte frå stad til stad fleire gonger under opphaldet og får feriedagar øydelagde på grunn av dette, kan du ha krav på avslag i prisen.

Andre uventa problem

Støy frå ein byggjeplass kan vere eit problem i område som stadig blir utvida for å ta imot fleire turistar. Dersom reisearrangøren ikkje varslar deg på førehand om spesielt sjenerande støy eller andre kjelder til støy i nærleiken som han burde vere kjent med, er dette ein mangel etter loven.

Støy kan også komme frå barar, restaurantar etc. Du bør på førehand vere klar over at område med fleire hotell og rikt tilbod av aktivitetar, også ofte har meir støy.

Blir vatnet borte ein eller fleire dagar, er det ein mangel, men ikkje dersom årsaka ligg i det kommunale systemet. Nokre timar utan vatn må du finne deg i, sjølv om det er uheldig.

Om det blir regn eller dårleg ver, er det mange som synest at ferien blir øydelagd. Dette kan likevel ikkje reisearrangøren lastast for. Få stader for overnatting har oppvarming på romma, slik at det blir kaldt. Dette gir ikkje grunnlag for erstatning. Det er lurt å ta med seg litt varmt tøy, sjølv om du skal til varmare land.

Dersom du har fått spesifisert og garantert i reisebeviset at du skal ha rom med utsikt eller annan spesiell plassering, har du krav på å få dette.

Er det noko som har særleg mykje å seie for deg, må du få det garantert, elles må du akseptere at fordeling av rom etc. blir gjort av hotellet. I utgangspunktet vil alle gjerne sjå havet, og ingen vil liggje mot bakgarden eller hovudvegen.

Uspesifiserte reiser

Dersom du bestiller uspesifisert reise, kan du vente deg berre ein enkel standard. I vilkåra til selskapa er det som regel klare reglar for kva uspesifiserte reiser inneber. Det einaste du strengt teke kan forlange, er ei seng med reint tøy, tilgjenge til dusj og toalett, og at du ikkje blir innkvartert saman med personar av motsett kjønn mot din vilje.

Du kan bli nøydd til å dele rom med andre. Reiser to saman, kan dei risikere å måtte dele leilegheit med andre. Det hender også at flytting under opphaldet er aktuelt, og innkvarteringa kan skje privat.

Dersom du blir skuffa kan du ønskje å oppgradere den uspesifiserte reisa på staden. I høgsesongen kan dette vere vanskeleg, og ofte blir det mykje dyrare å "kjøpe seg opp" enn å bestille spesifisert reise på førehand.

Dersom du reiser med små barn, eller om du har spesielle krav, tenk deg godt om før du bestiller uspesifisert reise.

Erfaring tilseier at det kan vere vanskeleg å få medhald i klager på uspesifiserte reiser fordi ein aksepterer vilkåra når ein bestiller.

Slik klagar du
På staden

  • Du må seie frå til reiseleiaren/arrangøren sin representant straks problemet melder seg.Dersom dei ikkje har fått høve til å hjelpe deg på staden, nyttar det lite å forlange prisavslag/erstatning når du kjem heim.
  • Mindre ting kan du først prøve å løyse ved å vende deg i resepsjonen eller til arrangøren sin representant.
  • Dersom du ikkje er tilfreds med det du oppnår, innrett deg så godt du kan resten av ferien.
  • Ta vare på kvitteringar og reisebeviset. Det vil gjere klagesaka di enklare.

Når du kjem heim

  • Send inn skriftleg grunngitt klage til seljaren av reisa. Gjer greie for kva som har skjedd og bakgrunnen for krava dine. Slik vilkåra er i dag må ein reklamere så snart som mogleg og seinast fire veker etter at turen er avslutta.
  • Dersom det er vanskeleg for deg å skrive, få ein annan til å hjelpe deg.
  • Forbrukarrådet i gir råd om reklamasjonar.
  • Når svaret frå arrangøren føreligg

    • Dersom du meiner at saka di er urimeleg behandla når du får avsluttande svar frå turarrangør/reisebyrå, har du høve til å vurdere om du vil føre saka inn for Reklamasjonsnemnda for pakkereiser. Arrangøren har plikt til å informere deg om at du har høve til dette og om klagefristen.
    • Ønskjer du å gå vidare med saka, skriv til Reklamasjonsnemnda for pakkereiser, og be om at saka blir behandla der. Reklamasjonsnemnda for pakkereiser er sett saman av representantar frå forbrukarsida og reiselivsnæringa, og har ein nøytral formann.
    • Etter 01.01.2007 plikter alle som er medlemmer av Reisegarantifondet (RGF) å delta i nemndsordninga. Frem til utgangen av 2006, har det berre vært medlemmer av Norsk Reiselivsforum (NRF) som kan klages inn for reklamasjonsnemnda. Har du bestilt reisa etter 01.01.2007, behandlar reklamasjonsnemnda klager på alle medlemmer av RGF. Det vil i praksis si alle som sel pakkereiser i Noreg.
    • Det kan også vere mogleg å ta opp viktige prinsipielle saker som gjeld ikkjemedlemmer. Er du i tvil om saka di kan behandlast av nemnda, kontakt Forbrukarrådet

    Avgjerslene i nemnda er inntil vidare rådgivande. Som følgje av pakkereiseloven, vil vedtak i nemnda på lengre sikt få same verknad som ein dom.

Sist oppdatert: 27.08.07 13:22
Bookmark and Share

Lova gir rettar til deg som reisande, som det ikkje kan gjerast unntak frå. (Foto: )

  • Gå grundig inn i all informasjon frå arrangøren om reisemålet, reisa og opphaldet før du bestiller. Sjekk at opplegget passar til dine behov.
  • Vilkåra frå turarrangørane kan variere. Finn ut kven som gir dei beste vilkåra. Les alltid katalogen nøye, også når du bestiller pr. telefon.
  • Når du vender deg til arrangøren kan du få svar på spørsmål om standard, kor det ligg, om det høver for ein med handikap og om det er barnevennleg der og anna som er viktig for reisa.
  • Arrangøren pliktar å tilby deg forsikring for avtinging, slik at du lett kan avbestille reisa ved brå og alvorleg sjukdom.
  • Skjer det krigshandlingar eller naturkatastrofar ved reisemålet, har du krav på vederlagsfri avbestilling.
  • Spesielle tilleggsytingar som du gjer avtale om, må du få skrive inn i reisebeviset. Du må kontrollere beviset nøye før du reiser, slik at du veit at det stemmer med det du har bestilt.
  • Har du noko å klage på under opphaldet, må du ta det opp med representanten for arrangøren på staden direkte slik at han får høve til å rette det opp. Dersom du ikkje gjer dette, kan du seinare mellom anna tape retten til prisavslag/erstatning.
  • Dersom du får avslag frå turoperatøren på klage du har levert inn, kan du klage vidare til Reklamasjonsnemnda for pakkereiser.

 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)