Det hender at rekningar går til inkasso. Det kan skje dersom du har gløymt å betale eller ikkje har pengar til å betale rekningane dine. Same kva som er grunnen, sikrar reglane i inkassolova rettane dine både i forhold til den du skuldar pengar, og inkassobyrået. Men hugs at du har plikter overfor kreditorane dine òg. Denne informasjonen finnes óg på bokmål, sjå lysegrønn boks til høgre.
Det gjeld særlege reglar for inndriving av pengekrav. Reglane finst i inkassolova og i inkassoforskrifta. Lova er ufråvikeleg overfor deg som forbrukar. Det vil seie at dei som driv inn krav ikkje kan gi deg dårlegare rettar enn dei du har etter lova. Nokre offentlege kreditorar har reglar for inndriving av krav i eigne lover. Typiske døme er krav om TV-lisensen og årsavgifta for bil.
Dersom du får eit krav som du meiner er feil, skal du straks ta kontakt med den som krev deg for pengar. Hugs at det alltid er lurt å kunne dokumentere at du har teke kontakt.
Kopier brev eller skriv ned kven du har snakka med. Viss innvendingane mot kravet ikkje er openbert grunnlause, blir kravet sett på som omtvista. Det kan då ikkje drivast inn gjennom ordinær inkasso, og saka skal sendast over til forliksrådet og avgjerast rettsleg.
Dersom du verken protesterer på kravet eller betaler innan fristen, finst det klare reglar for den vidare inndrivinga av kravet.
Du har krav på inkassovarsel. Krav til inkassovarselet:
Dersom kreditoren skal ta seg betalt for varselet, blir det stilt endå fleire krav:
Når eit krav er motteke til inkasso, skal inkassobyrået sende deg ei betalingsoppmoding før kravet blir sendt til rettsleg inndriving (forliksrådet).
Krav til ei betalingsoppmoding:
Dersom kreditoren/inkassobyrået skal ta seg betalt for betalingsoppmodinga, blir det stilt endå eit krav:
Merk deg at det er mottakaren som ber risikoen for postgangen. Dersom kreditoren/inkassobyrået kan argumentere for at varselet er sendt på ein trygg måte, har det altså ikkje noko å seie om du faktisk har motteke det eller ikkje.
Dersom du ikkje betaler innan fristen, blir det lagt til forseinkingsrente. Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår med verknad frå 1. januar og 1. juli. Frå 01.01.09 er forseinkingsrenta 10 prosent.
Gjeld kravet eit lån som har høgare rentesats enn 10 prosent, til dømes eit forbrukslån, kan denne renta krevjast i staden for forseinkingsrenta.
Det går fram av inkassoforskrifta kor mykje du må betale i inkassosalær. Kostnadene blir i utgangspunktet regulerte av inkassosatsen og storleiken på kravet. Inkassosatsen blir fastsett årleg av regjeringa på grunnlag av utviklinga i konsumprisindeksen. Frå 1.1.09 er han på 590 kroner.
Den du skuldar pengar, kan sjølv drive inn inkassoen, eller han kan få eit inkassobyrå til å gjere det.
Dersom kreditoren bruker eit profesjonelt inkassobyrå eller ein advokat, blir storleiken på kravet sentralt i forhold til kor høge kostnader som kan krev krevjast. Kreditoren kan som hovudregel ikkje krevje at du skal dekkje utgifter til inkassobyrå/advokat som er høgare enn maksimalsatsane i tabellen under.
| For krav t.o.m. kr: | Enkle: | Tyngre: |
| 1 250 | 0,5 x inkassosatsen | 1 x inkassosatsen |
| 2 500 | 1,0 x inkassosatsen | 2 x inkassosatsen |
| 5 000 | 1,5 x inkassosatsen | 3 x inkassosatsen |
| 10 000 | 2,0 x inkassosatsen | 4 x inkassosatsen |
| 25 000 | 3,0 x inkassosatsen | 6 x inkassosatsen |
| 50 000 | 4,0 x inkassosatsen | 8 x inkassosatsen |
| 100 000 | 5,0 x inkassosatsen | 10 x inkassosatsen |
| 250 000 | 7,5 x inkassosatsen | 15 x inkassosatsen |
| 500 000 | 10,0 x inkassosatsen | 20 x inkassosatsen |
| Over 500 000 | 12,5 x inkassosatsen | 25 x inkassosatsen |
Merk deg:
God inkassoskikk – eit vern mot ufine metodar
Kreditoren eller inkassobyrået må opptre i samsvar med god inkassoskikk. Det vil seie at dei ikkje får bruke metodar som utset deg for urimeleg påtrykk, skade eller ulempe. Det er i strid med god inkassoskikk
Dersom kreditoren eller inkassobyrået ikkje varslar deg, ikkje held tidsfristane eller driv inn krav som er omtvista ved ordinær inkasso, eller dersom utrekninga av kostnadene ikkje stemmer, er det brot på god inkassoskikk. Konsekvensane er at alle eller delar av inndrivingskostnadene kan falle bort.
Merk deg at det berre er inndrivingskostnadene som fell bort, ikkje sjølve kravet.
Dersom du lèt vere å reagere eller betale, kan du bli registrert med betalingsmerknad hos kredittopplysningsbyråa.
Det kan få følgjer for om du til dømes får lån, forsikring eller mobiltelefonabonnement. For at opplysningane om deg som privatperson skal kunne registrerast, må inkassobyrået ha kontakta forliksrådet. Ein månad etter denne kontakten kan kredittopplysningsbyråa registrere opplysningane.
Betalingsmerknaden blir ståande i eitt år etter at du har gjort opp for deg. Merknaden skal alltid slettast innan utgangen av det kalenderåret han blir tre år gammal.
Dersom du er i tvil eller lurer på om du er registrert med betalingsmerknad, kan du ta kontakt med kredittopplysningsbyråa. Dei har plikt til opplyse deg om det er registrert noko på namnet ditt.
Dersom du meiner at det er blitt gjort ein feil ved inndrivinga frå kreditoren eller inkassobyrået, må du først rette klaga mot firmaet du vil stille ansvarleg. Klag skriftleg og ta kopi av korrespondansen.
Viss du ikkje blir samd med motparten, kan du ta kontakt med inkassoklagenemnda. Nemnda kan vurdere alle forhold ved måten inkassoselskapet har handla på – også korleis gebyra er rekna ut, kva tidsfristar som er gitt, og om det er brot på god inkassoskikk.
Hugs at nemnda ikkje kan ta stilling til om kravet er rettmessig eller ikkje, men berre om inkassobyrået har opptredd rett ved inndrivinga. Konklusjonen til nemnda er rådgivande, og behandlinga er gratis.
Du kan gå inn på nytte KLIKK & KLAG, som er den interaktive klagerettleiaren til Forbrukarrådet, sjå lenke i grønn boks til høgre. Her finn du ei oversikt over rettane dine og gode råd om korleis du skal gå fram når du skal løyse ei klage. Du finn òg standard klagebrev som du kan fylle ut med eigne opplysningar, skrive ut, signere og sende til motparten.
Du kan dessutan ta kontakt med Forbrukarrådet på publikumstelefonen 815 58 200.
Kredittilsynet gir og dreg inn inkassoløyve. Dei fører dessutan tilsyn med at inkassoverksemda blir driven i samsvar med inkassolova.
Inkassoklagenemnda rapporterer jamleg til Kredittilsynet. Dersom eit inkassobyrå bryt god inkassoskikk fleire gonger, kan det få følgjer for løyvet til å drive inkassoverksemd.
Kredittopplysningsbyrå kan klagast inn til Datatilsynet, som gir og dreg inn løyve til kredittopplysningsbyråa. Dei fører dessutan tilsyn med at verksemda blir driven i samsvar med personopplysingslova.
opplysning som er registrert hos kredittopplysningsbyråa om at du er ein dårleg betalar.
eit krav blir rekna som enkelt fram til fristen i ei betalingsoppmoding er forsømd med 14 dagar.
den lågaste instansen i domstolsapparatet.
fullmakt til å drive inkassoverksemd.
firma som har fått i oppdrag å drive inn pengane for kreditoren.
det inkassobyrået kan ta seg betalt for å drive inn kravet.
eit fast beløp som blir regulert kvart år, og som er grunnlaget for utrekninga av inkassokostnadene.
den du får rekning (faktura) frå.
når du har rimeleg grunn til å vere usamd i kravet og har sagt ifrå.
behandling av saka i retten med bindande utfall for partane.
å skaffe seg tvangsgrunnlag (til dømes dom) for kravet for så å drive det inn ved hjelp av det offentlege.
eit krav blir rekna som tungt når fristen i ei betalingsoppmoding er forsømd med 14 dagar.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Merk deg at kreditoren kan sende eit inkassovarsel utan å ha sendt deg ei purring på førehand!
Har du motteke eit krav?
Undersøk og les nøye gjennom krav du får i posten, for å vere sikker på at det er rett. Kravet kan vere sendt til feil person, det kan gjelde noko du alt har betalt, eller det kan vere
kravd for mykje pengar.
Dersom kravet stemmer, må du merke deg betalingsfristen. Viss du ikkje betaler innan fristen, kan kravet drivast inn etter reglane i inkassolova.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl. Ansvarlig redaktør for Forbruker-rapporten er Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)