Kva rettar og pliktar du har, vil i stor grad vere avhengig av den avtalen som er inngått med tilbydar. Det er derfor viktig å lese vilkåra nøye før inngåing av avtale.
Det finst i dag 4 alternative måtar å få inn tv-signal på:
1. Antenne
2. Kabel
3. Satellitt/parabol
4. Breiband/IPTV
Frå hausten 2007 startar digitale TV-sendingar for deg som ser på tv via vanleg antenne. Dei som i dag mottek tv-signala via ei fellesantenne, ei eiga tak-antenne, ei vindaugsantenne, ei veggantenne eller ei innandørs bordantenne, må innan dei analoge signala blir sløkte skaffe seg ein digital dekodar for å fortsetje å sjå tv. Dersom du ikkje ønskjer å ta del i den digitale omlegginga med det same kan du vente med å kjøpe den digitale dekodaren då utviklinga av dette utstyret truleg vil gå relativt raskt. Det er likevel viktig å ikkje vente så lenge at det er ein risiko for at du får svart tv-skjerm.
Ønskjer du berre NRK1, NRK2 og NRK3 (NRK Super frå desember 2007) pluss ei rekkje radiokanalar, kan du ta inn desse via antenne, men du må ha ein digital dekodar. Du treng ikkje å teikne abonnement hos nokon leverandør for å motta desse kanalane. For å kunne sjå TV 2, Lokal-tv og Åpen kanal via antenne må du teikne eit abonnement hos RiksTV, men du treng ikkje å betale noko for abonnementet før 2010.
For dei som ønskjer kanalar ut over dette vil det vere mogeleg å abonnere på ulike programpakkar hos RiksTV. Alternativet vil vere å gå over på kabel, satellitt/parabol eller breiband i dei tilfella det lèt seg gjennomføre.
Dei som allereie mottek tv-signal via kabel-tv, parabol/satellitt og breibands-tv vil ikkje merke denne omlegginga direkte og treng ikkje å gjere noko.
Kva rettar og pliktar du har ved binding til kanalpakkar vil i stor grad vere avhengig av den avtalen som er inngått med leverandøren. Det er derfor viktig å lese vilkåra nøye før du inngår avtalen.
Avtalen skal blant anna innehalde informasjon om omfang, pris, lengd, vilkår for fornying, opphøyr med meir. Dersom leverandøren endrar noko i avtalen som er av ei viss tyding for forbrukaren, skal det varslast om endringa før den gjennomføres. Dersom endringa er til vesentleg ulempe for forbrukaren, skal det samtidig opplysast om høve til vederlagsfritt å kunne heve avtalen.
Leverandørane subsidierer ofte kundar som teiknar abonnement på kanalpakke med bindingstid.
Dersom du inngår avtale om levering av kanalpakkar (f.eks. over internett, eller på telefon) eller ved sal utanfor fast utsalsstad (f.eks. på stand eller messer, har du i utgangspunktet 14 dagars angrerett i følgje angrerettlova.
Klage over rettar og plikter må i fyrste omgang rettast direkte ovanfor leverandøren.
Kva rettar har eg når den digitale dekodaren ikkje fungerer?
Forbrukarkjøpslova regulerer kva rettar ein forbrukar har når utstyret som trengst for å sjå digital TV ikkje fungerer. Utstyret skal vere av vanleg, god kvalitet og vere i samsvar med dei opplysningane sel har gitt om den (for eksempel i marknadsføring, salsavtale eller bruksinformasjon).
Får du feil på utstyret kan du reklamere (rette klage) til seljar. Seljar er ansvarleg for feil som ikkje skuldast gal eller unormal bruk. Seljar er ikkje ansvarleg for skadar som skuldast ytre påverknad (for eks. slag, støyt eller lyn nedslag).
For forbrukarar som skaffar seg ein digital dekodar bør det undersøkjast om denne er godkjent til bruk i Noreg og om dei har dei funksjonane du er ute etter.
Dersom du inngår avtale om kjøp av digital dekodar (f.eks. over internett eller på telefon) eller ved sal utanfor fast utsalsstad (f.eks. på stand eller messer, har du i utgangspunktet 14 dagars angrerett i følgje angrerettlova. Nokre leverandørar tilbyr også ein returrett kor den digitale dekodaren er kjøpt på ein fast utsalsstad.
Antenner og digitalboksar har ein 5 års reklamasjonsfrist etter at forbrukaren overtok utstyret. Dette gjeld uavhengig om du eksempelvis har kjøpt utstyret i ein butikk eller over internett.
Du må reklamere innan rimeleg tid etter at du oppdaga mangelen. Reklamasjon innan to månader etter at du oppdaga feilen vil alltid vere innan rimeleg tid.
Dersom det er ein feil ved utstyret har du i fyrste omgang krav på at seljaren rettar eller leverer eit nytt produkt. I dei fleste tilfelle kan du krevje heving av kjøpet dersom seljaren gjer fleire enn to forsøk for å utbetre same mangel. Du har krav på å få låneutstyr dersom reparasjonen tek meir enn ei veke.
Har du sendt ein skriftleg reklamasjon/klage til seljar og ikkje fått svar eller negativt svar, kan du bringe saka inn som ei ordinær klagesak hos din lokale Forbrukarråd. Då må du fylle ut eit klageskjema, og sende dette til oss saman med dokument i saka som kopi av kvittering og avslagsbrevet frå seljar og liknande.
For deg som har antenne kan det vere fornuftig å sjekke kva dekningsgrad du har før du går til innkjøp av ein digital dekodar.
I de tilfelle der du i følgje dekningskartet har tilgang til å motta tv-signal, men likevel ikkje har signal vil du ha ein returrett på den digitale dekodaren. Dersom du har dekning men likevel ikkje får inn tv-signal må du kontakte seljar eller leverandør for å høyre noko som alternativa du har.
Dersom du ikkje har høve til å motta digitale signal via antenna bør du undersøkje moglegheiter for TV-mottak via kabel, parabol eller breiband/IPTV.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Antenner og digitalbokser er tenkt å vare vesentlig lenger enn 2 år og har derfor 5 års reklamasjonsfrist. (Foto: )
Sjå Medietilsynets www.digitaltvinorge.no for meir informasjon om kva Digital TV og Bakkenettet er, samt når det ”gamle analoge nettet” stenger i ditt fylke.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)