Angrerettlova gjeld for alle avtalar om kjøp av varer som er inngått utanfor fast utsalsstad, til dømes ved messe- eller dørsal eller via fjernsal, dvs. via telefon, Internett, postordre, TV-shop og liknande. Denne informasjonen kan du og lese på bokmål, sjå grønn boks til høgre på sida.
Angrerett er ikkje det same som reklamasjonsrett eller byterett. Angrerettlova gjer at du kan komme ut av eit kjøp utan at du treng grunngi overfor seljaren kvifor du vil gå frå kjøpsavtalen.
Du kan i ro og mak undersøkje vara for å bestemme deg for om du vil behalde henne. Vil du returnere vara, må ho vere i tilnærma same stand og mengd som då du fekk henne. Du har angrerett i 14 dagar, men i visse tilfelle blir fristen utvida til tre månader og i nokre tilfelle til eitt år.
Seljaren må vere yrkesseljar, og lova gjeld berre ved forbrukarkjøp. Som forbrukarar reknar ein personar som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd. Det vil seie at vara hovudsakleg er til personleg bruk for deg eller for husstanden eller omgangskrinsen din.
Angrerettlova gjeld òg ved kjøp av tenester og ved fjernsal av finansielle tenester. Denne informasjonen er ei forenkling av lov om opplysningsplikt og angrerett m.v. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalssted (angrerettlova) av 21. desember. 2000. Informasjonen er sist revidert av Forbrukarrådet i 2007.
I samband med inngåing av kjøpsavtale skal seljaren opplyse om:
Desse opplysningane skal seljaren gi både før og under avtaleinngåinga. Opplysningane skal givast skriftleg i eit varig medium (til dømes brev, e-post, CD eller DVD), seinast idet vara blir levert.
Før avtaleinngåinga skal forbrukaren ha dei same opplysningane som ved avtaleinngåinga, og i tillegg opplysningar om kostnadene ved bruk av fjernkommunikasjon dersom det ikkje blir berekna etter normaltakst og om kva språk opplysningane og vilkåra er tilgjengelege på.
Informasjonen skal vere gitt på ein klar og forståeleg måte. Dersom marknadsføringa er retta mot norske forbrukarar, skal informasjonen vere på norsk. Seljaren skal òg gi opplysningar om eventuelle andre språk informasjonen er tilgjengeleg på.
Det skal følgje eit standard angreskjema med vara. Det skal vere ferdig utfylt av seljaren, og kjøparen kan bruke det til å gi melding til seljaren om at han/ho gjer bruk av angreretten. Kjøparen er likevel ikkje forplikta til å bruke angreskjemaet. Melding til seljaren skal givast på ein tenleg måte.
Standard angreskjema kan ein få ved å kontakte Barne- og likestillingsdepartementet (BLD), eventuelt laste det ned direkte frå internettsidene deira (meir om angreskjema nedanfor).
Seljaren skal fylle ut skjema med informasjon om m.a. namnet og adressa til seljaren, dato for avtaleinngåing og dato då skjema blir sendt/levert. Skjemaet følgjer normalt vara, og tidspunktet for mottak av skjemaet (og vara) utløyser angrefristen.
Tenesteytaren har ikkje høve til å forandre oppsettet på skjemaet, til dømes gjennom forminsking/fjerning av tekst, understreking/utheving, layout, påføring av logo eller liknande.
Skjemaet skal vere likt det som finst på nettsidene til BLD, men det kan kopierast på dobbeltsidig ark.
Du har 14 dagars angrefrist frå den dagen du har teke imot vara og dei føreskrivne opplysningane om angrerett. Dersom du ikkje vil behalde vara, må du gi seljaren beskjed før fristen går ut.
Sjølv om du har teke imot vara, blir altså ikkje angrefristen utløyst før du har fått dei nødvendige opplysningane. Her gjeld i prinsippet inga tidsavgrensing. Dette er regelen ved sal utanfor fast utsalsstad, dvs. ved messe-, gate- eller dørsal.
Dersom du får angreskjemaet og dei nødvendige opplysningane i etterhand, er angrefristen 14 dagar frå den dagen du får dei.
Ved fjernsal og sal av bokverk (sjå nedanfor) går angrefristen ut tre månader etter mottak av vara dersom du ikkje har teke imot nok informasjon, eller seinast etter eitt år dersom det ikkje er gitt informasjon om angrerett i det heile.
Tek du imot dei føreskrivne opplysningane og angreskjemaet i etterhand, er angrefristen 14 dagar frå den dagen du får dei.
For tilverkingskjøp (sjå nedanfor) gjeld ein maksimal angrefrist på tre månader etter mottak av vara dersom du ikkje har fått nok informasjon.
Det er grunn til å merkje seg at seljarar ikkje kan gjere gjeldande vilkår som forkortar angrefristen etter lova, eller som tek frå deg retten til å angre kjøpet innan 14 dagar.
Ved kjøp av bokverk der det er avtalt at bokverket skal leverast som delleveransar over tid, blir angrefristen utløyst allereie idet første bindet i bokverket er motteke, så sant dette bindet gjer at du kan danne deg ei oppfatning av heile bokverket.
Du kan ikkje angre på kjøp av eit bokverk når du har fått alle binda. Blir bokbinda derimot bestilte kvar for seg, har forbrukaren angrerett i 14 dagar på kvart bind, alternativt tre månader dersom seljaren ikkje har gitt dei føreskrivne opplysningane og eitt år dersom det ikkje er informert om angrerett i det heile.
Når vara blir laga spesielt for forbrukaren, gjeld vanleg angrefrist på 14 dagar, men slik at angrefristen seinast går ut tre månader etter at vara er motteken. Det kan avtalast at produksjonen tek til før angrefristen går ut. Dette må avtalast før kjøpet og etter at seljaren har gitt alle andre vesentlege opplysningar, mellom anna om angreretten.
Gjer du bruk av angreretten i slike tilfelle, skal kjøparen dekkje kostnader til faktisk utført arbeid og medgått materiale. Slik påbegynning kan ikkje avtalast ved telefonsal.
Hugs: Sjølv om du ikkje har angrerett eller angrefristen har gått ut, har du rett til å reklamere på vara dersom det er feil eller manglar ved henne!
Seljaren må få beskjed om at du angrar kjøpet, seinast den dagen angrefristen går ut. Det er ikkje eit krav at det skal brukast angreskjema, det er nok at seljaren får beskjed over telefon. Av bevismessige grunnar kan det likevel vere lurt å sende skriftleg beskjed. Er vara kostbar, bør angrerettsskjemaet fyllast ut og sendast rekommandert.
For at du skal kunne gjere bruk av angreretten, må vara leverast tilbake til seljaren i tilnærma same stand og mengd som du fekk henne. Vara må derfor oppbevarast forsvarleg, slik at ho ikkje blir øydelagd eller skadd.
Fekk du vara levert direkte, t.d. ved dørsal eller på salsmesse, skal ho stillast til rådvelde for seljaren hos deg eller der du tok imot henne. Seljaren må få beskjed om at vara er klar til henting.
Fekk du vara direkte frå seljaren på annan stad enn i din eigen heim, kan det avtalast at retur skal skje på annan måte. Dette må då vere utrykkeleg avtalt før kjøpet, og seljaren må dekkje alle omkostningar på førehand.
Dersom du har stilt vara til rådvelde for seljaren og han ikkje har henta henne innan tre månader, går ho kostnadsfritt over til deg.
Har du etter avtale fått tilsendt ei vare i posten etter bestilling på messe e.l., er det du som må returnere vara til seljaren. Har ikkje seljaren sørgd for eigna returpakning, er det nok at vara blir stilt til disposisjon for seljaren der ho blei motteken.
Når du angrar ved fjernsal, treng du ikkje løyse ut vara frå postkontoret. Det er nok at du sender angreskjema eller eit brev til seljaren om at du angrar og sender vara i retur.
Hugs: Å la vere å hente vara blir ikkje rekna som tilstrekkeleg melding til seljaren om at du angrar. For å avbryte angrefristen må du i tillegg gi beskjed til seljaren!
Seljaren skal sørgje for returporto og eigna returpakning når vara er kjøpt ved telefonsal eller utanfor fast salsstad. Gjer han ikkje det, er hovudregelen at han må hente vara sjølv. Er vara kjøpt ved fjernsal (unnateke telefonsal), er det du som kunde som må betale returporto.
Dersom seljaren ikkje har sendt med tenleg returpakning slik at det er uforsvarleg å returnere vara, kan du nøye deg med å stille vara til rådvelde for seljaren.
Seljaren har ikkje høve til å ta gebyr ved bruk av angreretten, oppseiingsgebyr e.l.
Ved sal utanfor fast utsalsstad og ved telefonsal kan du halde vara tilbake så lenge seljaren ikkje har betalt kjøpesum og returkostnader, utan at angreretten fell bort. Tilbakebetaling frå seljaren skal i alle tilfelle skje innan 14 dagar etter at han/ho har fått vara i retur eller har fått hentelapp på vara.
Ved fjernsal (unnateke telefonsal) må du returnere vara innan rimeleg tid sjølv om seljaren ikkje har betalt tilbake det han har teke imot, og har m.a.o. ikkje rett til å halde vara tilbake.
Så sant vara ikkje har teke skade, fell ikkje angreretten bort sjølv om emballasjen er opna. Ofte er det nødvendig å opne innpakninga for å ta stilling til om ein vil angre på kjøpet.
Ved fjernsal (unnateke telefonsal) ha seljaren likevel høve til å forsegle lyd- eller biletprodukt (t.d. CD-ar og videofilmar) og datamaskinprogram, med den følgje at angreretten må reknast som tapt dersom du bryt forseglinga. Seljaren må likevel opplyse klart og tydeleg om dette på sjølve forseglinga. Dersom forseglinga ikkje er merkt, kan du angre innan 14 dagar sjølv om forseglinga er broten.
Når det blir inngått kredittavtale samtidig med kjøpet og kreditten blir ytt av seljaren eller av andre på grunnlag av avtale mellom seljaren og kredittytaren, fell avtalen bort samtidig som angreretten blir brukt.
Eventuelle kredittkostnader som er betalte, skal då tilbakeførast fullt ut. Seljaren pliktar å gi kredittytaren beskjed straks dersom du angrar.
Forbrukarrådet kan hjelpe med munnleg rådgiving og eventuelt behandle saka di som klagesak dersom det skulle oppstå tvist om dei rettane du har etter angrerettlova.
Telefonnummeret til Forbrukarrådet er 815 58 200.
Dersom seljarsida ikkje vil godta den løysinga Forbrukarrådet foreslår, kan dei fleste saker klagast inn for Forbrukartvistutvalet (FTU) og avgjerast der.
Seljarar av varer og tenester kan få angreskjema ved å kontakte Barne- og likestillingsdepartementet, tlf. 22 24 90 90. Frå internettsidene til BLD kan du òg laste ned skjemaet direkte og få forskrifter for korleis det skal fyllast ut.
Angrerettlova og forskrift om angreskjema finn du på http://www.lovdata.no/
sal der førebuing og inngåing av ein avtale skjer utan at partane er til stede samtidig, for eksempel per telefon eller via Internett
Rett til å gå fra noen avtaler i ein kort periode etter at avtalen ble inngått
Den perioden man har angrerett/Fristen for å bruke angrerett. Angrefristen er 14 dagar, men i visse tilfeller forlengast fristen til 3 månader og i enkelte tilfeller til 1 år.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
Merk: Det er ikkje angrerett ved kjøp av varer i butikk.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl. Ansvarlig redaktør for Forbruker-rapporten er Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)