For at ein marknad skal fungere slik vi ønskjer, ved å gje meir effektiv produksjon hjå tilbydarane og lågare prisar for forbrukarane gjennom konkurranse, er åpen og fullstendig informasjon avgjerande. Dei siste åra er det opna for konkurranse i drosjenæringa i fem byar her til lands. Det er Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Trondheim.
Vi har testa desse selskapa og funne litt av kvart. Servicen er tilfeldig, særskilt når vi har med litt vanskeleg last, slik som babyar. Det var lite hjelp å få og tryggleiken for barnet vart stort sett glatt oversett.
Prisopplysingar er i sin natur vanskeleg for taxi. Prisar på internett har du neppe bruk for anna enn når du førehandsbestiller. Oppslaga på taxivindauga rekk du knapt å lese, endå mindre samanlikne. Og oppslag på haldeplassane, der det kunne hatt ein misjon, fant vi knapt.
Prisane på like turar varierer usystematisk mellom selskapa. Der vi rekna ut prisen på førehand, endte prisen fleire gonger meir enn 50 prosent unna forventinga. Altfor tilfeldig til at pris blir ein konkurransefaktor.
Konkurransen elles har heller ikkje dei beste kår. I ein av byane vart konkurransen undergravd av sjåførane sjølve ved at dei kravde at vi som kunde tok første bil i køa. Og skal du praie ein taxi i gata, tek du normalt den første som køyrer forbi. Ein kunne kanskje tenkt det. Eg har aldri sett at nokon av selskapa profilerer seg som betre enn dei andre på noko. Eg kan ikkje ramse opp kva som er billegtaxien, servicetaxien, luksustaxien eller presisjonstaxien.
Forskjellane er for små til å bry seg med. Tilbodet er i praksis likt. Bilane er dei same, sjåførane kan det same, prisane er like nok. Det som skil er kven du hugsar nummeret til når du skal bestille taxi. Eg trur ikkje vi har ein konkurranse som betyr noko i drosjenæringa før vi får eit Ryanair eller eit REMA 1000 mellom drosjeselskapa. Når vi veit kven som er billegast, då kan vi velje det. Det same med service.
Kvifor har ingen profilert seg på billegare - altså bare tilstrekkelege - bilar? Kvifor ikkje ein annan og enklare prisstruktur, til dømes meir faste prisar eller berre tidsbruk? Kvifor ikkje eit enklare tilbod som ingen eller berre rushtidskøyring, eller ingen bestilling - berre praiing og haldeplassar? Kva med enkelt og billeg - å kutte på service-nivået som nokre flyselskap har gjort? Ideane er tallause.
Og skulle det være at godkjenninga til taxiselskapa hindrar dette, då veit vi kvar konkurransehinderet eigentleg ligg.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)