Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Fornuft og følelsar

Den forrige store økonomiske oppgangstida var jappe-tida på 80-talet. Det beste du kunne gjere då var å spare skatt. Eg dreiv mykje med økonomisk rådgjeving då, og dei som tok råda mest alvorlig kalla vi rett og slett skattepsykopatar. Dei var villige til å betale 100 kroner for å spare 50.

Sjølv om det verkar idiotisk, finst det grunnar. Sjølvmeldinga var jo reine triatlon-løpet. Det fanst ei umåteleg mengde skatteråd i bøker og media. Og råda fortalte om dei utruleg mange enkle grepa som kunne spare deg for fleire titusen i skatt. Angsten for å tape nokre kroner på ikkje å følgje med, skugga lett for fornuften.

Nokre kan sjølvsagt også ha vore motivert aleine av gleda ved ikkje å betale meir skatt enn dei må. Det i seg sjølv synest mange er verdt å betale for.

Men korleis skiller dette seg eigentleg frå den gleda folk har av shoppingopplevinga. Mange som kjøper seg noko dei absolutt ikkje treng og ikkje kjem til å bruke, berre for å oppleve prosessen, får ein god følelse. Dei opplever glimt av lukke. Det er neppe økonomisk fornuftig, det heller. Men verdt å betale for likevel.

No har vi førehandsutfylte sjølvmeldingar og ingen angst for ikkje å spare nok skatt. No engstar vi oss for investeringane. På samme måte som det var dumt ikkje å spare skatt før, er det dumme i dag ikkje å investere. Ikkje i banken, men med betre avkasting.

Vi må ta risiko. Det skal investerast på bustadmarknaden, i aksjefond, på børsen eller i avanserte spareprodukt. Vi kjenner atter uroen ved kanskje ikkje å vere like lure som dei andre.

Og etterkvart som forbruket veks, spesielt fram mot jul, kjem alle dei endå meir fornuftige råda om korleis vi skal forbruke mindre og rettare. Korleis du gjennom forbruket skal ta ansvaret for ei betre verd og for sjølv å bli eit betre menneske. Men handlar det berre om fornuft?

Det den store lettnaden med den førehandsutfylte sjølvmeldinga viste oss, var at det ikkje handla om å spare skatt. Vi ville sleppe heile greia. Det er ikkje lenger rekna som dumt å kvittere ut sjølvmeldinga på SMS utan kontroll. Vi veit sjølvsagt at det ikkje er fornuftig å droppe kontrollen, men vi forstår godt kvifor folk let vere.

Som rådgjevar for forbrukarane, blir eg sjølv matt. Eg veit at råda våre appellerer til fornuften. Eg veit også at fornuften ikkje alltid er lukkefremjande, og at følelsane ofte vinn. Eg innser at vi skriv for fornuftsdagane. Sjølv om eg gjev råd med fornuften, handlar eg med følelsane.

Og når eg skuggar unna og ikkje kjøper, er det ikkje for å redde verda, men for å få fred.

Sist oppdatert: 18.01.07 09:35
Bookmark and Share
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)