I fusjonen mellom Statoil og Hydro var det å bli einige om sjølve fusjonen mellom hundremilliardar-selskapa, ingenting mot namnevalet. Hundrevis av milliardar er ufatteleg stort og vanskeleg å meine noko om. Eit namn derimot, kan alle leggje seg borti.
Når namn blir verdfulle, blir det å eige namnet viktig. Det kan vidare føre til at ein vil eige meir enn namnet. Med suksessar som parma-skinke og parmesanost, konjakk og sjampanje blir sjølve kategorinemningane freistande å slå kloa i.
I forbrukarverda står no slaget om kva ost er. Og då snakkar vi ikkje om spesielle ostar som parmesan eller brie, sveitser eller gouda. Men sjølve omgrepet ost. Der ein tidlegare var avhengig av at kua åt graset og ga oss feit mjølk som vi kunne yste, kan mykje av osten no lagast av graset. I det minste kan feittet hentast derfra, som til dømes rapsolje. Når ny ost med vegetabilsk feitt dukkar opp, blir tradisjonsberarane urolege og vil leggje under seg sjølve osteomgrepet.
Sidan ost er eit omgrep i språket, finst det sjølvsagt minst ei forståing av kva ost er. Nokre vil knyte det til det tradisjonelle opphavet - mjølka. Andre til prosessen med å skilje ut ostestoff. Og då ryk brunosten ut av definisjonen. Brunosten er resten av mjølka etter at ostestoffet er fjerna. Nokre lener seg på regulering eller tradisjon. Men språket lever, same kva produsentar og styresmakter måtte legge i omgrepet ost. Til slutt er det språkbrukarane sitt behov for kategorisering som avgjer kva ost tyder.
Generasjonane før oss skil klart mellom smør og margarin. Manglande innhaldsmerking, høgare matkunnskap og behovet for å skilje mellom gamalt og nytt, har skapt skiljet mellom margarin og smør. Men sjølv om vi har namneskiljet i dag, blir produkta blanda. Tyder det noko for forbrukaren?
Neppe for dei fleste. Forbrukaren i dag er meir oppteken av bruksområdet enn namnet. Ho er meir oppteken av innhaldet enn namnet. Ho er kanskje til og med meir oppteken av innpakning og form enn namnet. Når ny ost kan brukast på same måte som den gamle, er han god nok for dei fleste. Nokre forbrukarar les innhaldet og vel det som passar dei best. Dei mange andre avgrensar sitt kjennskap til produkta frå kjøledisken til at ost er det kvite og smør er det gule. Uakta kva det er laga av.
Kampen om oste-omgrepet er ikkje ei forbrukarsak. Det forbrukaren treng, er å vite kva ho kjøper. Dette er ei språksak. Så får vi sjå kva avgjer folket tek.
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)