Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Berre pengar

Kvar gong vi rundar nyttår, er det tid for forsett. Vi skal slanke oss, slutte å røykje, byrje å trene og bli snillare. Eller bruke meir tid på familien, få ein betre jobb, forurense mindre eller gjere noko for fattigdomen i verda.

Eg har i fleire år spurt folk eg kjenner kva forsett dei har. Og eit forsett har eg til gode å høyre. Nemlig det å sløse mindre.

At nokon likevel trur folk synes det er viktig, viser reklamen som Norsk Familieøkonomi har køyrt etter nyttår. Her spelar dei på at du eigentleg vil spare pengar, men finn det for komplisert å velje i tilbudsjungelen, difor har dei funne dei gode tilboda for deg.

Både i Forbrukarrådet og i Forbrukar-rapporten føreset vi at folk bryr seg om å ha kontroll på økonomien og forbruket sitt. At det kan være fornuftig, viser reportasjen vår i dette nummeret, der Forbrukarrådsdirektøren, Erik Lund-Isaksen, ved å hente nye tilbod på sentrale område av sin personlige økonomi, sparer 10 000 kroner årlig.

Ja, det er fornuftig å sjekke rundt. Utan å gjere like grundige undersøkingar for mange andre, sjekka vi nokre element. Og vi kan vel seie så mykje at dette er ei øving dei aller fleste vil stå seg på å gjere. Og timebetalinga vil overgå det meste.

Eikvar verksemd må gjere slike øvingar med jamne mellomrom. Som statlig verksemd er mellom andre vi forplikta til det.

Likevel fenger dette liksom ikkje heilt. Å ha kontroll på forbruket og økonomien når ikkje ein gong opp til forsett-status. Eg undrar meg på kva det fortel. Det kan tyde at dei fleste har god nok råd. Personlig økonomi handlar jo ikkje om sjølve livet, det handlar tross alt berre om pengar, trur eg mange tenkjer.

Forskaren Bent Sofus Tranøy, som i fjor skreiv boka «Markedets makt over sinnene», seier at i dagens privatiserte og markedsstyrte forbrukarsamfunn må ein velgje mellom det å være ein god forbrukar og det å ha eit liv. Så mykje er det å ha kontroll over.

Folk forbrukar likevel meir og meir. Sjølve forbrukshandlingane er høgt vurdert og ser ut til å gje livet innhald. Kanskje er det slik at det folk ønskjer seg er pengar nok til å gjere det dei har lyst til. Det at pengar set grenser, er lukkehindrande. Det å få meir ut av kvar krone vil aldri vere lukkeskapande. Å styre pengar er eit altfor lite mål til å få plass i ønskeverda vår. Nok pengar er målet.

Då får vi i Forbrukarråds-bransjen slå oss til ro med at vi ikkje hjelper folk til å bli lukkelegare, men at vi legg til rette for at dei kan vere fornuftige. Det er inga lita oppgåve.

Sist oppdatert: 24.01.07 00:01
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)