Forsikring er ein vanskeleg bransje å få grep om. Kva er til dømes produktet? Er det kjensla av tryggleik når du kjøper forsikringa, eller er det utbetalinga når noko går gale? «Det handlar om tryggleik», seier eit selskap i ein reklame for tida.
Og forsikringsbransjen meiner at tryggleiken er produktet deira. Den som har vore utsett for eit forsikringstilfelle og måtte krangle seg til oppgjer, og kanskje ikkje eingong fått det, vil vel kanskje meine at den tryggleiken ikkje var så mykje verdt.
Medan forsikringsbransjen sender ut pressemeldingar om at skadeutbetalingane veks, om kor utrygt vi lever både heime, på jobb og på reise. Ja, medan vi blir fortalt at vi svindlar meir enn før - så veks forsikringsselskapa. Vi forsikrar meir enn nokon gong. Men saka er at vi bur på den tryggaste staden, i den tryggaste tida, med den tryggaste økonomien noko folk i historia har opplevd. Kva som gjer at vi som er rike likevel er utrygge, kan ein undre seg over. Og medan vi gjer det, utviklar forsikringsselskapa nye produkt. Så legg vi undringa vekk og kjøper uflaksforsikring.
Tidlegare forsikra vi det som var katastrofalt å miste – huset for flest, båten for fiskaren, bilen for dei som hadde det. Så fekk vi betre råd og forsikra meir og no har vi fått uflaksforsikringa. Det kanskje beste eksempelet på at forsikring er gått frå det naudsynte til det bagatellmessige. Kvar produktutviklinga skal ende, tør eg ikkje spå om. Men det er litt av kvart å få kjøpt av tryggleik. Eg tok nettopp ein test av kva forsikringar eg trong på Gjensidige si heimeside. Om eg hadde vore sjølvstendig næringsdrivande med eit normalt liv, burde eg kjøpe 16 forsikringar, nokre av dei fleirdelte. Det er mange.
Folk har tydelegvis ein trong til å unngå ubehag, å asfaltere livsvegen så den vert uten groper. Når folk er viljuge til å forsikre småelektronikk til nokre hundre kroner mot rein uflaks, kva hindrer oss då i å forsikre oss mot depresjon, traumer, dårlege karakterar, dårlegare jobbar enn ambisjonane, skilsmål, fedme, barnløyse. Fantasien får setje grensene. Kanskje er det slik at då forsikring gjekk frå å være ei solidarisk fordeling av risiko, til å bli børsnoterte selskap utan anna mål enn avkasting – forsvann grunnen til berre å forsikre det fornuftige.
Vi kan ikkje vente at forsikringsselskapa stoppar denne karusellen. Vi må sjølv som forbrukarar slutte å kjøpe oss fri frå bagatellar.
Forsikring handlar ikkje om tryggleik. Det handlar om pengar. Det er berre eit reknestykke for forsikringsselskapa.
Eit reknestykke kvar enkelt forbrukar også kan gjere. Finn ut kva for bagatellar du kan tole.
Gjer eit veddemål med framtida!
Tips en venn om denne artikkelen
Utskriftsvennlig versjon av siden
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)