Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Forsikring – mot kva?

Hører til forsikring

For ein del år sidan hadde eit av dei store forsikringselskapa ein reklamekampanje der hovudbodskapet var at «forsikring har to prisar – ein før og ein etter skade». No veit vi jo at mange forsikringstakarar må slåss for å få erstatninga si. Slik sett er det vel rett av selskapa å så tvil om du får fullt og heilt forsikringsoppgjer når du treng det. Eller om du i det heile teke får oppgjer.

Likevel kjem det heile tida nye forsikringar. Ofte for å dekke stadig mindre tap eller stadig meir spissfindige problem. To døme er uflaksforsikring på forbrukarelektronikk og motforsikring mot eigarskifteforsikring ved bustadhandel. Sidan forsikring så åpenbart er usikkert i alle ledd, er det ekstra stor grunn til å tenke gjennom når og kvifor ein skal kjøpe forsikring. Det første vi bør ha klart for oss er at ein ikkje blir tryggare av forsikring. Uhell skjer likevel. Forsikring trygger deg mot dei økonomiske konsekvensane av uhellet. Og det gjer nok uhellet lettare å bære.

Poeng to er kva du har råd til å tape – kva må forsikrast. Skal du sikre deg mot alt, eller berre mot katastrofer og ikkje småuhell. Kva har du råd til å møte av uhell. Ikkje mange har råd til nytt hus om det gamle brenn ned. Men om noko til 5000 kroner vert øydelagt, har du då råd til å ta det på eiga kappe? Eller 15 000?

For dei fleste er det eit reknestykke kor høgt dei vil gå. Spesielt for bilforsikringa fell premien fort med auka eigendel. Ein av dei nye trendane er at vi forsikrar oss mot ubehag. Til dømes vart bilforsikringa mi billigare fordi eg strauk tilbodet om leigebil ved skade. Leigebil er sikkert enkelt og greitt medan bilen er på verkstad. Men eg har køyrt i 27 år og berre hatt ein skade. Eg har spart nok til å betale alternativ transport sjølv.

Kvite- og brunevarer får du snart ikkje kjøpt utan tilbod om dyre uflaksforsikringar. Tenk gjennom kva du eig av slike ting og kor lenge dei varer. Gjev summen av forsikringspremiar då økonomisk meining?

Tenk gjennom behovet så du ikkje blir overrumpla neste gong nokon vil gjere deg utrygg for så å selge deg tryggleik. Forsikring er eit ekspanderande felt. Huskjøparar får råd om å forsikre seg mot eigarskifteforsikringa til seljaren.

Det er mogeleg at dette er økonomisk fornuftig.

Men kva blir det neste? Forsikring mot konsekvensane av skilsmisse?

Sist oppdatert: 05.11.06 05:00
Bookmark and Share
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)