Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Kvifor vedde om vatnet?

Hører til strøm

Eg har ein kamerat som likar å vedde, men ikkje å tape. Han er grenselaust oppteken av å vere ein god forbrukar. Eg veit ikkje kva straumleverandør som er billegast, og han flirer. Og skryt av at han slepp med 48 øre heile denne vinteren.

For i år har han bunde straumprisen. No veit eg at han har fastrentelån til seks prosent i 10 år. Det snakkar han ikkje om. For han er det ikkje vara eller tenesta forbruk handlar om. For han er det sjølve spelet. Han trur det handlar om å vere best.

Alle tenester som skal leverast i framtida kan sjåast på som veddemål mellom deg og leverandøren. To sentrale tenester kan tene som eksempel – straum og lån.

I haust er kanskje straumprisen det som fyller ordskiftet mest. I skrivande stund ligg standard variabel straumpris litt over fastprisen. Nokre vel berre å ha det varmt heime, og vite kva det kostar, medan andre vil både ha det varmt heime og gjere eit godt klipp samstundes. Speldimensjonen er ekstraverdi. Ein ekstraverdi eg sjeldan ser godt grunngjeve.

Likevel – den som spelar har ikkje store sjansen. Begge veddar nemlig med kraftselskapet. Som sjølvsagt og heilt legitimt skal tene på alt dette. Og som gjer det - kort og greitt fordi kraftselskapet kan mest om straumprisar. Dei skal leve av det, det skal ikkje vi. Flytande prisar løner seg i lengda. Fastprisen er litt høgare fordi den i praksis inneheld ein forsikringspremie som dekkjer risikoen kraftselskapet har ved å garantere prisen.

Den garantien er din tryggleik. Men det blir ikkje spel av det. Eg veit ikkje om det er fordi vi er urøynde som tenesteforbrukarar i frie marknader. Då vi fekk deregulert låne- og kraftmarknaden, var det då tanken at banken skulle vere spelehallen og sikringsskapet speleautomat. No er rett nok spelet ein naturleg og akseptabel eigenskap ved frie marknader. Det fins børsar for det meste. Men for det meste er dei også profesjonaliserte. Sjølve spelet går normalt ikkje føre seg på forbrukaren sin banehalvdel.

Så viktige tenester som lån og straum er ikkje først og fremst leiketøy, men verktøy for å dekke grunnleggjande behov. Ta lånerenta. Flytande rente er også billegast, men risikabelt. I USA reknar privatøkonomiske rådgjevarar folk som tek opp lån med flytande rente for totalt uansvarlege. Insisterer du på flytande rente der, er det ikkje mykje godvilje å hente om det går gale. Det vert rekna som eit spel som ikkje høyrer privatsfæra til.

For du spelar ikkje med hus og heim. Du spelar berre med pengar du har råd til å tape.

Sist oppdatert: 16.10.06 10:44
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)