Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Uff – eg treng handverkar

Hører til håndverkere

Eg legg no planer om å skifte ut mitt fjerde kjøkken. Eg kjenner ingen angst, uro eller mistillit med tanke på produksjonen eller i butikken. Ikkje før kjøkkenet står klart stabla til montering. Då treng eg nemlig snikkar, elektriker og rørleggar – og med dei kjem uroen.

Det er først då eg ventar at noko kan gå gale. Ei røynsle eg deler med svært mange. På internasjonale møter i forbrukarregi, er problem med handverkarar det absolutt mest universelle problemet. Fra alle delar av verda kan forbrukarrepresentantane fortelje om handverkarar som ikkje held tida, som ikkje gjer skikkeleg arbeid, som ikkje bryr seg med kunden og som er umoglege å få tak i. Om dei ikkje i tillegg finn på ekstraarbeid og kanskje også overfakturerer.

Eg trur det er eit strukturproblem. Det handlar om at dei fleste kjøp frå handverkar er enkeltkjøp. Då treng ikkje handverkaren tenkje på det som kallast gjenkjøp. Mange handverkarar jobbar i små foretak – gjerne åleine. Då er det ikkje sjefar og andre avhengige av dei som disiplinerer dei. Det er opp til den einskilde handverkar å balansere yrkesstoltheit mot inntening.

Så stor som marknaden for handverkartenester er, så skal det ikkje store staden til før den sosiale kontrollen som ligg i handverkaren sitt rykte ikkje verkar lenger. Mange handverkarar har einerett til å utføre oppgåvene sine. Dei representerer dermed sanninga og regelverket. Det skal moralsk styrke til å forvalte det også til kundens beste. Det er klar maktubalanse mellom forbrukaren og handverkaren.

Handverkaren sin kunnskap gjev defininsjonsmakt. Og det er dei som har erfaring i å skrive kontraktar, ikkje forbrukaren. Ingen av desse strukturelle føringane tener forbrukaren framfor handverkaren. Og dette er forbrukarproblem ingen har løyst tilfredsstillande.

Skriv kontrakt – seier Forbrukarrådet. Bruk seriøse handverkarar, seier bransjen. Men kven er seriøs? Og eg kjenner meg tryggare i butikken uten kontrakt, enn overfor ein handverkar eg ikkje kjenner – med kontrakt.

Forbrukerrørsla vil ikkje anna enn at færrast mogeleg forbrukarar skal ha uheldige røynsler med handverkarar. Men det viser seg altså å være svært vanskeleg, sjølv med lover og klageordningar på plass. Om ikkje anna verkar, så må vi også her finne oss i å vere aktive forbrukarar. Ein ide kan vere å ta utgangspunkt i at for kvart bygg som byggjast no, så godkjenner kommunen dei einskilde handverkarane på bygget.

Ein aktiv forbrukar kan hos kommunen sjekke ut fleire bygg, finne ut kven handverkarane er og ringe byggherrane for å få referanse. Kommunane sjølve burde for lenge sidan gjort desse opplysningane enkelt tilgjengelege på servicekontor eller liknande. Og dei burde gjort det utan at nokon ba om det.

Sist oppdatert: 08.09.06 10:18
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)