Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder:

Bokmål / Nynorsk

Du har desse tre rettane ved nekta ombordstiging på grunn av overbooking:
1.
- anten refusjon av billettprisen
- eller omruting til neste ledige avgang (eventuelt eit tidspunkt etter eige ønske)
2.
- mat og drikke i rimeleg forhold til ventetida
- hotellinnkvartering der det er nødvendig med éi eller fleire ekstra overnattingar
- transport til og frå innkvarteringsstaden og flyplassen
- dekning av utgifter til to telefonsamtalar, telefaks- eller e-postmeldingar
3. Standardkompensasjon på
- 250 euro for flygingar inntil 1500 km
- 400 euro for flygingar på mellom 1500 og 3500 km og alle flygingar innanfor EØS-området som er lengre enn 1500 km
- 600 euro for andre flygingar

Standardkompensasjonen blir halvert ved forseinking på mindre enn

- to timar for reiser over 1500 km
- tre timar for flygingar mellom 1500 km og 3500 km og alle flygingar innanfor EØS-området som er lengre enn 1500 km
- fire timar for andre flygingar

Økonomisk tap utover standardkompensasjonen kan eventuelt krevjast erstatta etter alminnelege erstatningsreglar.

Klageordning

Send inn skriftleg klage med nødvendig dokumentasjon til flyselskapet/reiseoperatøren innan rimeleg tid. Vi tilrår at klaga blir retta til tenesteyter så snart som mogeleg etter at hendinga oppstod.

Du kan klage til transportklagenemnda dersom du og flyselskapet eller flyplassen, eventuelt reisebyrået, ikkje blir einige om kva rettar du har ved forseinkingar, kanselleringar, overbookingar, bortkome/skadt bagasje og andre forhold som direkte knyter seg til gjennomføringa av flyreisa frå du møter på flyplassen til du har henta bagasjen.

Tips til veileder

Klikk på sirkelen bak enkelte valg for å lese tips om dette valget.

Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)