Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Forseinking

Bokmål / Nynorsk

Ved forseinkingar på:
* 2 timar eller meir for flygingar inntil 1500 kilometer

  • 3 timar eller meir for flygingar mellom 1500 og 3500 kilometer og alle flygingar innanfor EØS-området som er lengre enn 1500 kilometer
  • 4 timar for andre flygingar

Har passasjeren krav på:

  • Måltid og forfriskingar i forhold til ventetida
  • Dekning av utgifter til to telefonsamtalar, telefaks- eller e-postmeldingar
  • Hotellinnkvartering der det er nødvendig med éi eller fleire ekstra overnattingar
  • Transport til og frå innkvarteringsstad og flyplass


    Ved forseinking over fem timar:
  • Har passasjeren krav på refusjon av den delen av reisa som ikkje er påbegynt, eller heile billetten dersom ein ikkje kan oppnå formålet med reisa på grunn av forseinkinga. Reisande har vidare krav på returflyging til avreisestaden snarast råd.

Økonomisk tap på opptil ca. kr 41 000,- kan krevjast erstatta med heimel i luftfartslova (innanlandsreiser) eller Montrealkonvensjonen/Warszawakonvensjonen (utanlandsreiser). Økonomiske tap kan òg krevjast erstatta i forhold til alminnelege erstatningsrettslege reglar. Økonomisk tap må dokumenterast. Eit døme på økonomisk tap kan vere at forseinkinga fører til at du mister avgangen vidare og må kjøpe ny billett.

Klageordning

Send inn skriftleg klage med nødvendig dokumentasjon til flyselskapet/reiseoperatøren innan rimeleg tid. Vi tilrår at klaga blir retta til tenesteyter så snart som mogeleg etter at hendinga oppstod.

Du kan klage til Flyklagenemnda dersom du og flyselskapet eller flyplassen, eventuelt reisebyrået, ikkje blir einige om kva rettar du har ved forseinkingar, kanselleringar, overbookingar, bortkome/skadt bagasje og andre forhold som direkte knyter seg til gjennomføringa av flyreisa frå du møter på flyplassen til du har henta bagasjen.

Tips til veileder

Klikk på sirkelen bak enkelte valg for å lese tips om dette valget.

Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)