Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder:

Bokmål / Nynorsk

Forseinka bagasje:
Erstatning for nødvendige utgifter til erstatningsklede og toalettartiklar. Dette gjeld sjølv ved små forseinkingar, men utgifta må skrive seg frå eit nødvendig behov. Ved forseinkingar på berre nokre timar er det grenser for kva passasjeren kan krevje å få erstatta.
Skadd bagasje:
For reiser til og frå flyplassar innanfor EØS-området er maksimumsbeløpet på erstatning ca. 10 000 kroner per passasjer. For land som ikkje har ratifisert Montrealkonvensjonen, blir som hovudregel ca. 170 kroner per kg bagasje erstatta.
Tapt bagasje:
Bagasjen blir først rekna som tapt når det har gått 21 dagar etter at du skulle ha motteke han.

Storleiken på erstatninga er elles den same som ved skadd bagasje. Ver merksam på at du ikkje skal sende spesielt verdfulle eller skjøre gjenstandar i bagasjen. Sjekk òg om du har forsikringar som dekkjer tapet/skaden, og om det er knytt vilkår til korleis gjenstandar skal oppbevarast.

Du kan berre krevje erstatning frå flyselskapet for bagasje som ikkje er sjekka inn (handbagasje), dersom flyselskapet er direkte ansvarleg. Til dømes kan ikkje flyselskapet lastast viss andre passasjerar skader handbagasjen din.

Klageordning

Send inn skriftleg klage med nødvendig dokumentasjon til flyselskapet/reiseoperatøren innan rimeleg tid. Vi tilrår at klaga blir retta til tenesteyter så snart som mogeleg etter at hendinga oppstod.

Du kan klage til Flyklagenemnda dersom du og flyselskapet eller flyplassen, eventuelt reisebyrået, ikkje blir einige om kva rettar du har ved forseinkingar, kanselleringar, overbookingar, bortkome/skadt bagasje og andre forhold som direkte knyter seg til gjennomføringa av flyreisa frå du møter på flyplassen til du har henta bagasjen.

Tips til veileder

Klikk på sirkelen bak enkelte valg for å lese tips om dette valget.

Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)