Du må sjølv dekkje inntil kr 800,- for tap som skriv seg frå andre sitt misbruk av betalingskortet ditt når pinkoden din er nytta. Det gjeld sjølv om du ikkje kan lastast for misbruket. Vidare må du dekkje inntil kr 8000,- dersom du har vist grov aktløyse ved bruk eller oppbevaring av kort og kode. For at du skal kunne seiast å ha vist grov aktløyse, må du ha opptredd på ein måte som inneber eit avvik frå vanleg forsvarleg framferd. Det vil mellom anna vere tilfelle ved oppbevaring av kort og ukamuflert eller dårleg kamuflert kode saman, slik at misbruket blir lett å gjennomføre. Det blir ikkje rekna som grovt aktlaust i seg sjølv å skrive ned koden for å hugse han - så sant koden blir kamuflert på ein forsvarleg måte.
I tillegg kan du bli ansvarleg for inntil kr 8000,- dersom du ikkje melder frå til banken om misbruket snarast mogleg etter at du har fått kjennskap til det, eller innan rimeleg tid etter at misbruket burde vore oppdaga. Ver klar over at du pliktar å kontrollere med jamne mellomrom at alle korta dine er trygt oppbevarte - også kort som du bruker sjeldan. I visse tilfelle kan det oppstå situasjonar der du har ei særskild undersøkingsplikt, til dømes ved tjuveri, innbrot og liknande.
Dersom ein finn at du har gjort misbruket mogleg ved forsett, blir du sjølv ansvarleg for heile beløpet.
Så snart du har oppdaga kortmisbruket, må du melde frå til banken for å få sperra kontoen. Du kan ikkje haldast økonomisk ansvarleg for misbruk som finn stad etter at du har meldt frå.
Når banken får melding om at du ikkje vil vedkjenne deg éi eller fleire belastingar på kontoen, har han valet mellom å føre beløpa tilbake på kontoen (minus eigendelen på kr 800,-) eller å bringe saka inn for bankklagenemnda eller domstolane. Fristen for det er fire veker frå banken har motteke meldinga di om misbruk. Dersom bankklagenemnda eller domstolen avviser saka, har banken nye fire veker på seg. Banken har med andre ord aktivitetsplikt i desse tilfella.
Tips til veileder
Klikk på sirkelen bak enkelte valg for å lese tips om dette valget.
|
Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737
Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)