Fråråding
Dersom den økonomiske stillinga til låntakaren er så svak at banken burde ha frårådd han/henne å ta opp lånet, pliktar banken å gi deg skriftleg melding om det. Har ikkje banken følgt opp frårådingsplikta si, kan ansvaret ditt som kausjonist bli innskrenka. For kausjonsavtalar som er gjorde før 1. juli 2000, gjeld ikkje opplysnings-/frårådingsplikta. Du er likevel beskytta av dei generelle reglane i avtalelova. Dersom det ligg føre forhold som gjer at det vil vere urimeleg å gjere avtalen gjeldande, kan altså avtalen bli innskrenka eller kjend ugyldig. I ei slik vurdering blir den manglande frårådinga frå banken si side vurdert opp mot plikta du har til å setje deg inn i situasjonen til debitor.
Fråråding
Banken har frårådingsplikt. Dersom banken har grunn til å tru at den økonomiske evna di er så dårleg at du ikkje burde stille kausjon, eller det ligg føre andre forhold som gjer at du burde avstå frå å stille kausjon, pliktar banken å gi deg skriftleg melding om det. For kausjonsavtalar som er gjorde før 1. juli 2000, gjeld ikkje opplysnings- /frårådingsplikta. Du er likevel beskytta av dei generelle reglane i avtalelova. Dersom det ligg føre forhold som gjer at det vil vere urimeleg å gjere avtalen gjeldande, kan altså avtalen bli innskrenka eller bli kjend ugyldig. Bankens brot på frårådingsplikta kjem ved ansvarsvurderinga til å bli vurdert opp mot forhold på di side, det vil seie kva føresetnader du sjølv har hatt for å undersøkje og innsjå konsekvensar av kausjonsinngåinga.
Banken har opplysningsplikt
Før kausjonsavtalen blir inngått, pliktar banken å gi deg skriftleg informasjon om den alminnelege risikoen som knyter seg til eit kausjonsansvar. Det vil minst seie opplysningar om
- kva lån kausjonen omfattar (med kopi til deg av låneavtalen)
- storleiken på kausjonskravet
- fall i prisane på fast eigedom
- om du skal vere ansvarleg for renter i tillegg, og kva som i så fall er det høgaste beløpet kausjonen skal dekkje
- kva anna sikkerheit låntakaren har stilt, og verdien av denne
- om det er teikna gjeldsforsikring
- om kausjonen omfattar eldre gjeld, og om den er forsømd
Banken har dessutan plikt til å opplyse deg om andre forhold som ein kausjonist i samsvar med ærleg framferd og god tru har krav på å bli opplyst om. For kausjonsavtalar som er gjorde før 1. juli 2000, gjeld ikkje opplysnings- /frårådingsplikta. Du er likevel beskytta av dei generelle reglane i avtalelova. Dersom det ligg føre forhold som gjer at det vil vere urimeleg å gjere avtalen gjeldande, kan altså avtalen innskrenkast eller bli kjend ugyldig.
Banken har opplysningsplikt
Før kausjonsavtalen blir inngått, pliktar banken å gi deg skriftleg informasjon om den alminnelege risikoen som knyter seg til eit kausjonsansvar. Det vil minst seie opplysningar om
- kva lån kausjonen omfattar (med kopi til deg av låneavtalen)
- storleiken på kausjonskravet
- fall i prisane på fast eigedom
- om du skal vere ansvarleg for renter i tillegg, og kva som i så fall er det høgaste beløpet kausjonen skal dekkje
- kva anna sikkerheit låntakaren har stilt, og verdien av denne
- om det er teikna gjeldsforsikring
- om kausjonen omfattar eldre gjeld, og om den er forsømd
Banken har dessutan plikt til å opplyse deg om andre forhold som ein kausjonist i samsvar med ærleg framferd og god tru har krav på å bli opplyst om. Vesentlege brot på opplysningsplikta kan føre til at du kan krevje kausjonsavtalen oppheva. For kausjonsavtalar som er gjorde før 1. juli 2000, gjeld ikkje opplysnings- /frårådingsplikta. Du er likevel beskytta av dei generelle reglane i avtalelova. Dersom det ligg føre forhold som gjer at det vil vere urimeleg å gjere avtalen gjeldande, kan altså avtalen innskrenkast eller bli kjend ugyldig.
Manglande sikkerheitsstilling
Banken pliktar å gi deg skriftleg varsel dersom låntakaren ikkje har stilt avtalt sikkerheit eller sikkerheita fell bort. Dersom det ikkje blir stilt sikkerheit som føresett, kan det gi deg rett til å krevje deg fri frå avtalen, eventuelt få redusert kausjonsansvaret.
Du skal òg få varsel frå banken dersom låntakaren ikkje får gjeldsforsikring som føresett eller forsikringa fell bort.
Bortfall av sikkerheit
Banken kan ikkje utan samtykke frå deg frigi anna sikkerheit som låntakaren har stilt, utan at det blir stilt sikkerheit som er minst like god. Har banken likevel gjort det, kan du rekne deg som ubunden av avtalen - heilt eller delvis.
Endringar av låneavtalen
Når låneavtalen er inngått, kan ikkje banken endre han på ein slik måte at du som kausjonist får dårlegare vilkår, utan at du har gitt samtykke til det. Banken kan likevel endre rentesats og gebyr med bindande verknad for deg.
Endringar av kausjonsavtalen
Når kausjonsavtalen er inngått, kan ikkje banken endre han på ein slik måte at du som kausjonist får dårlegare vilkår, utan at du har gitt samtykke til det. Slike endringar er ikkje bindande for deg.
Ved misleghald av betaling
Du har rett til å få informasjon om misleghald av lånet. Banken skal gi deg skriftleg varsel seinast tre månader etter at misleghaldet inntrefte. Banken har likevel ikkje varslingsplikt dersom misleghaldet er forbigåande. Det vil seie at misleghaldet har vart under to månader og låntakaren ikkje tidlegare har forsømt lånet på ein måte som gir grunn til å frykte sviktande betalingsevne. Dersom banken har varsla om misleghald, skal han halde deg orientert om den vidare utviklinga.
Banken skal gi deg varsel kvar gong det blir gitt ei betalingsutsetjing på over tre månader. Vidare skal banken gi deg varsel viss låntakaren døyr, dersom det er opna gjeldsforhandlingar eller konkurs eller låntakaren har søkt om gjeldsforhandling
Du har rett til å innfri kausjonsansvaret
Dersom låntakaren har misleghalde lånet i ikkje uvesentleg grad, har du rett til å innfri kausjonsansvaret heilt eller delvis. Det vil seie når misleghaldet ikkje er forbigåande. Du har den same retten til å innfri kausjonsansvaret dersom ein må rekne med at låntakaren kjem til å misleghalde lånet. Det er viktig at du varslar både banken og låntakaren dersom du vil innfri kausjonsansvaret ditt.
Ved å innfri ansvaret trer du inn i låneavtalen i staden for låntakaren. Har låntakaren stilt sikkerheit, til dømes pant i fast eigedom, overtek du denne retten. Du kan då sjølv velje om du vil betale ned lånet som føresett i avtalen, eller om du vil innfri heile lånet med ein gong. Banken kan ikkje krevje at du innfrir heile lånet med det same.
Når kan banken krevje at du innfrir kausjonsansvaret?
Banken kan krevje at du innfrir kausjonsansvaret, dersom
- banken har gått til rettslege skritt mot låntakaren for å få tvangsgrunnlag
- banken har kravd utlegg mot låntakaren
- det er gått minst tre månader etter at banken har kravd utlegg i pant som låntakaren har stilt som sikkerheit
- det er opna gjeldsforhandlingar hos låntakaren og betalingsutsetjinga etter gjeldsordningslova eller konkurslova er gått ut
- buet til låntakaren er teke under konkursbehandling
Banken må sende deg eit skriftleg påkrav om å innfri kausjonsansvaret. Kausjonskravet fell då til betaling 14 dagar etter at påkravet er komme fram til deg. Det betyr at banken alltid må ta rettslege skritt før han kan krevje at du skal innfri kausjonsansvaret.