Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Eg vil bruke angreretten

Bokmål / Nynorsk

Dersom du har kjøpt ei vare utanfor fast utsalsstad (telefonsal, netthandel, postordre, dørsal etc.), har du rett til å angre kjøpet innan 14 dagar. I utgangspunktet skal du ha motteke eit angreskjema saman med vara. Dersom seljaren ikkje har gitt deg alle opplysningane som krevst, eller ikkje har sendt deg noko angreskjema, er fristen for å angre inntil tre månader. Dersom seljaren ikkje har gitt opplysningar om angreretten, er fristen eitt år.

Du treng ikkje ha nokon spesiell grunn for å angre eit kjøp etter angrerettlova. Du må derimot levere tilbake vara i vesentleg same stand og mengd som då du fekk henne.

Les meir om angrerettlova på forbrukerportalen.no

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har laga eit angreskjema som du kan bruke. Fyll ut skjemaet og send det tilbake til seljaren/butikken saman med vara.

  • Angreskjema A er for varer
  • Angreskjema B er for tenester
  • Angreskjema C er for postordre, netthandel, messesal, og TV-shopping

Du kan skaffe eit angreskjema hos Statens blankettarkiv.


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)