Det er ein mangel når vara ikkje er i samsvar med dei krava til art, mengd, kvalitet, andre eigenskapar og innpakning som er føresette ved kjøpet. Det er ein mangel når seljaren har gitt urette eller villeiande opplysningar om vara som du stolte på då du kjøpte henne. Det er òg ein mangel viss vara ikkje er i samsvar med dei tryggleikskrava og forskriftene som er fastsette av offentlege institusjonar.
Dersom vara har ein mangel, har du rett til å få prisavslag, ny vare eller å få heva kjøpet, avhengig av om mangelen er vesentleg eller ikkje. Du kan dessutan krevje at seljaren reparerer vara utan at du skal betale noko for det.
Hovudregelen er at du må klage seinast to år etter at du overtok vara. Fristen er likevel fem år dersom vara er meint å vare vesentleg lenger enn to år. Det gjeld til dømes kapitalvarer som møblar, bilar, radio-/TV-apparat og byggjevarer. Ver merksam på at seljaren i garanti eller liknande kan ha gitt deg lengre klagefristar enn lova.
Dersom vara har ein mangel, kan du krevje følgjande (vel brev): |
Tips til veileder
Klikk på sirkelen bak enkelte valg for å lese tips om dette valget.
|
Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737
Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)