Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Klage på avvik mellom pristilbod og motteken rekning, meirverdiavgift er lagd inn i tillegg

Bokmål / Nynorsk

Fyll inn opplysninger

 
 
 27.05.2012

 

Klage på avvik mellom pristilbod og motteken rekning



Eg har motteke rekning for utført arbeid som ikkje er i samsvar med pristilbodet. Den avtalte prisen var på kr , mens det på rekninga er lagt til meirverdiavgift på dette beløpet.

Alle prisar som er gitt opp til forbrukar, må sjåast på som inklusive meirverdiavgift med mindre det går fram av pristilbodet at meirverdiavgift kjem i tillegg. Sidan prisoverslaget eg har fått, ikkje seier noko om meirverdiavgift og det heller ikkje på annan måte var opplyst om at det kom i tillegg, har eg gått ut frå at pristilbodet var inklusive meirverdiavgift.

Derfor har eg betalt inn det avtalte beløpet. Dersom de er usamde i det, ber eg om å få ei skriftleg tilbakemelding så snart som råd er, og seinast innan 14 dagar.

Dersom vi ikkje blir samde, vil eg vurdere å sende saka over til Forliksrådet eller Forbrukarrådet for å få henne behandla der.


Talet på vedlegg:


NB! Brevet må du sjølv skrive ut, signere og sende til motpart. Hugs å ta ein kopi eller lagre pdf-fila.

Brevet blir opna i pdf-format. For å lese dette treng du ein pdf-lesar (t.d. Acrobat Reader). Du kan laste ned ein gratis pdf-lesar frå Adobe her

Opplysningar du skriv i dette skjemaet sendast kryptert til forbrukerportalen og blir ikkje lagra, logga eller videreformidla.

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)