Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Rekninga er større enn prisoverslaget

Bokmål / Nynorsk

  • Prisen skal inkludere meirverdiavgift og andre offentlege avgifter når ikkje anna er sagt.
  • Handverkaren kan ikkje krevje bestillingsgebyr, ordregebyr, ekspedisjonsgebyr, faktureringsgebyr e.l. i tillegg til det sjølve tenesta kostar.
  • Ei førebuande undersøking skal berre betalast dersom ho er avtalt på førehand.
  • Du kan bli nøydd til å betale for ekstra materiale og arbeid som skuldast forhold på di side.
  • Er rekninga for høg, bør du protestere skriftleg på det overskytande beløpet. I brevet opplyser du om prisoverslaget og forklarer at du ikkje er villig til å betale meir enn det som er avtalt.
  • Krev ei skriftleg tilbakemelding for å få handverkaren til å innrømme at prisoverslaget er gitt.
  • Dersom du betaler det du skal, og protesterer på resten, oppnår du at saka ikkje kan gå til inkasso. I samsvar med inkassolova er det brot på god inkassoskikk å drive inn eit omstridt krav gjennom inkasso.

Tilleggsarbeid

Blir det behov for tilleggsarbeid undervegs, skal handverkaren kontakte deg. Viss du ikkje er å treffe, kan handverkaren likevel utføre tilleggsarbeida dersom det er rimeleg å tru at du vil ha arbeidet gjort. Ein annan grunn kan vere at prisen for tilleggsarbeidet er minimal eller låg i forhold til prisen for heile tenesta. Handverkaren skal utføre tilleggsarbeid som ikkje kan utsetjast utan at det fører til vesentleg skade eller tap for deg.

Vi hjelper deg med å skrive brev til motparten din.


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)