Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Verkstadbesøk

Bokmål / Nynorsk

Her kan du få hjelp til å klage på problem i samband med verkstadbesøk med bilen din. Når det gjeld verkstadbesøk der det er arbeid på bilen din, er det handverkartenestelova som gjeld. Vask av bil både manuelt og i automat fell inn under denne kategorien. Når det gjeld undersøkingar av bilen, som periodisk køyretøykontroll for å få bilen EU-godkjend, fell det utanfor handverkartenestelova ettersom det ikkje er arbeid på bilen, men snarare ei undersøking. Her finst det ei eiga klageordning som vi skal komme nærmare tilbake til. Er bilen din undersøkt og det feilaktig er utført reparasjonar med utgangspunkt i denne undersøkinga, vil det bli ei klage både på undersøkinga og det utførte arbeidet. Ved å klage på ei undersøking kan du i beste fall oppnå å få att pengane du har betalt for sjølve undersøkinga, mens det er handverkartenestelova som gjeld for det unødvendige arbeidet som er utført. Eit felles klagebrev som omfattar begge desse problemstillingane, er lagt inn under området "Undersøking av bilen".

Ved verkstadbesøk kan det oppstå ein situasjon der du er nøgd med tenesta som er utført, men usamd i prisen. Det kan vere at prisen avvik frå det som er avtalt, eller at du meiner han er urimeleg høg.

Dersom du er misnøgd med arbeidet eller undersøkinga som er utført på bilen din, eller du er usamd i prisen, hjelper vi deg med å klage her:


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)