Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Kjøp av bil

Bokmål / Nynorsk

Her kan du få hjelp til å klage på ulike problem ved kjøp av bil. Det gjeld både kjøp frå privatperson og kjøp frå forretning. Rettane dine er regulerte av to lover, alt etter om det er eit privat kjøp eller eit kjøp frå næringsdrivande. Kjøpte du bilen av ein privatperson, er det kjøpslova som gjeld. Dersom kjøpet blei gjort frå ei forretning / frå ein næringsdrivande, er det forbrukarkjøpslova som gjeld. Desse lovene gjeld òg dersom du kjøper ein importert bil frå ein norsk seljar. Dersom du har importert ein bil frå EU/EØS-området på eiga hand, finst det ei eiga klageordning som blir kalla ForbrukerEuropa/ECC Norge.

Dersom det er ein representant for ein privatperson (til dømes ein bilformidlar) som har selt bilen, og vedkommande opptrer som næringsdrivande, er han eller ho solidarisk ansvarleg med seljaren. Det inneber at du sjølv kan velje kven av partane du vil rette reklamasjonen din mot. Dersom det er gjort uttrykkjeleg merksam på at representanten berre opptrer som mellommann og ikkje er solidarisk ansvarleg, må reklamasjonen rettast direkte til seljaren. Dersom ein profesjonell seljar (til dømes ei bilforretning) bruker ein mellommann, er det uansett den profesjonelle seljaren reklamasjonen skal rettast mot.

Det er sjeldan du har angrerett i samband med kjøp av bil, men det kan vere tilfelle dersom du har kjøpt bilen utanfor fast utsalsstad, til dømes på ei messe eller via Internett. Då er det i så fall angrerettlova som gjeld. Angrerettlova gjeld likevel ikkje ved kjøp mellom private eller når du har kjøpt frå ein profesjonell part på forretningsstaden til vedkommande.


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)