Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Eingongsavgift

Bokmål / Nynorsk

Eingongsavgift er ei avgift som må betalast første gongen ein bil blir registrert i Noreg. Dersom du kjøper ny bil i Noreg, er det som regel seljaren som sørgjer for at denne avgifta blir betalt. Har du derimot kjøpt ein bruktimportert bil og skal ordne med registrering på eiga hand, eller det er du sjølv som importerer bilen, er det du som er ansvarleg for eingongsavgifta. Avgifta, som skal betalast til Tollvesenet før registrering, er berre foreløpig. Ved berekning av avgifta blir vekta, slagvolumet og effekten på bilen lagd til grunn. Ved registrering blir avgifta endeleg fastsett. Dersom det er avvik mellom den innbetalte og den fastsette avgifta, må differansen betalast.

Dersom du innan ti år etter førstegongsregistrering i Noreg har gjort endringar på bilen din, slik at han kjem i ei avgiftsgruppe med høgare avgiftssats, eller slagvolumet og/eller effekten på motoren er auka, kan du bli pålagd ei tilleggsavgift.

Ved klager på eingongsavgift skal du kontakte Tollvesenet i tollregionen der du bur.

Du finn adresseopplysningar på heimesidene til Tollvesenet

Dersom du har fått eit endeleg avslag på ei klage her, kan klaga di sendast til Toll- og avgiftsdirektoratet.

På heimesidene til Tollvesenet finn du òg all nødvendig informasjon om eingongsavgifter og ein kalkulator for avgiftssatsar både ved førstegongsregistrering og statusendring.

Ønskjer du å kontakte Tollvesenet i samband med klager på eingongsavgift, hjelper vi deg med å formulere eit brev her (vel brev):

Tips til veileder

Klikk på sirkelen bak enkelte valg for å lese tips om dette valget.

Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)