Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Klageveileder: Omstridt krav (Eg har motteke inkassokrav som eg ikkje er samd i)

Bokmål / Nynorsk

Viss du har motteke eit inkassokrav du er usamd i, bør du skrive eit brev til avsendaren (kreditoren eller inkassoføretaket) og seie at du ikkje godtek det, og kvifor.

Dersom kreditoren (den du skuldar pengar) ikkje kan dokumentere at han har ein avtale med deg, har han ikkje noko rettsleg grunnlag for kravet sitt. Du treng altså ikkje betale.

Ved å protestere gjer du det klart at kravet er omstridt. Sender kreditoren det omstridte kravet til inkasso, må kreditoren sjølv betale inkassokostnadene.

Det er brot på føresegnene i inkassolova om god inkassoskikk dersom inkassoføretaket prøver å drive inn eit omstridt krav.

Dersom kravet er omstridt, skal kreditoren eller inkassoføretaket bringe saka inn for forliksrådet for å få ei rettsleg avgjerd.

Vi hjelper deg med å skrive brev til motparten din. Vel brev:


Fann du ikkje det du vil klage på?

KONTAKT FORBRUKARRÅDET

Dersom ikkje klagerettleiaren gir ei løysing på problemet ditt, kan du også ta kontakt med Forbrukarrådet på tlf.: 03737

Har du spørsmål/kommentarar til tenesten? MELD FRÅ HER

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)