Vårt hus var nytt i august 2002 og vi reklamerte 3 veker før 5års fristen gjekk, jamfør Bustadoppføringslova § 30. Byggefirma avviser manglane og grunngir med at dei er framset for seint og også forelda. Kva blir definert som innan rimeleg tid og kva rettar har eg?
Lova gir deg ein reklamasjonsfrist på fem år etter overtakinga. Dette blir kalla den absolutte reklamasjonsfristen. Entreprenøren kan ha påteken seg ansvar for manglar i lengre tid, f.eks. i form av ein garanti, men dette ansvaret bør i så fall framkome av skriftleg kontrakt.
Du må også reklamere innan rimeleg tid etter at du oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen, jamfør den relative reklamasjonsfristen. Innan rimeleg tid opnar for skjøn, men ein bør ikkje vente lenge før ein reklamerer etter å ha oppdaga feil og manglar.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)