Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Overtaking

Spørsmål:

Vi kjøpte nybygg som skulle vere ferdig 01.06.06. Vi fekk flytte inn 23.06.06., men då til eitt uferdig hus. Huset er per i dag ikkje heilt ferdig. Vi har ein ny kontrakt for ferdigstilling 17.08.2007 Kva kan vi i dag krevje av husbyggjar?

Svar:

Når du overtek bustaden, markerer det juridisk sett eit viktig skilje:
Når du overtek bustaden din aksepterer du som ny eigar bygget, eventuelt med visse merknader. Overtaking inneber i praksis at du overtek risikoen for huset, reklamasjonsfristen begynner å springe, dagsmulkta blir stansa og entreprenøren får krav på sluttoppgjer. Det er lurt å ha med ein fagkyndig under overtakinga av bygget. Dersom huset lir av alvorlege manglar, f.eks. konstruksjonsfeil, kan du nekte å overta det. Det same gjeld dersom kommunen ikkje har gitt ferdigattest eller førebels bruksløyve. Du bør derfor be om å få sjå dokumentasjon på at dette er gitt, før du overtek bustaden. Før protokoll!
Før protokoll over påpekte feil og manglar. Det er lurt å gi entreprenøren ein frist for utbetring av eventuelle manglar. Protokollen bør i tillegg melde kven som var tilstades, kor vidt du overtek bustaden eller nektar overtaking og eventuelt tilbakeheldt/ deponert sum. Det er også viktig å vere klart at bustaden blir rekna som overteke dersom ein har flytt inn, sjølv om det ikkje vere gjennomført ei overtakingsforretning.

Sist oppdatert: 03.12.2007 12:14
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)