Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Nybygd hytte

Spørsmål:

Vi skulle overta hytte 01. april men den var ikkje klar før i slutten av april. Skifertaket blei ikkje ferdig før i november. Vi haldt tilbake kr 40.000,- på grunn av denne forseinkinga. Har vi rett til prisavslag? Vi nytta avtale NBR/NS3425.

Svar:

Svært mange opplever at bustaden deira er seinka i forhold til det som er avtalt. Blir overtakinga seinka, gir lova deg som bruker rett til å krevje dagsmulkt. Avtal realistiske datoar for ferdiggjering og når det skal være ferdig.

Dersom tidsfristen for ferdiggjering blir overskride og dette ikkje skuldast forhold du har ansvaret for, har du krav på dagsmulkt tilsvarande 1 promille av entreprenøren sitt samla vederlag.

Dersom avtalen omfattar eigedomsrett til grunnen, er lågaste sats for dagsmulkta 0,75 promille. Dagsmulkt kan ikkje krevjast for meir enn 100 dagar. Dagsmulkt kan krevjast uavhengig av om du har hatt eit økonomisk tap.

Erstatning utover dagsmulkta kan berre krevjast dersom entreprenøren har opptrøtt grovt uaktsamt eller i strid med god tru.

Sist oppdatert: 21.11.2007 11:08
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)