Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Forseinking

Hører til håndverkere

Spørsmål:

Eg leide inn eit røyrleggjarfirma for å pusse opp badet. Eg fekk ein pris og vi avtalte når dei skulle starte og at arbeidet skulle ta 3-4 veker. Det starta med 2 veker forseinking på startdato og dei brukte 10 veker på å bli ferdig. Kva rettar har eg?

Svar:

Dersom handverkaren ikkje har avslutta tenesta innan den tid som er avtalt eller den tid som er rimeleg og dette ikkje skuldast deg eller forhold på di side, er det ei forseinking.

Ved forseinking kan forbrukar:

  • halde tilbake betaling
  • fasthalde avtalen og krevje at arbeidet blir utført
  • heve avtalen
  • dersom forseinkinga er vesentleg krevje erstatning for økonomisk tap
  • krevje dagsmulkt, dersom dette er avtalt på førehand
Disse rettane føreset at det er ei forseinking. For å kunne konstatere dette, er det viktig at det er avtalt klare freistar for ferdiggjering av arbeidet.

Krav må settes fram innan rimeleg tid etter det er konstatert forseinking.

Dersom du ikkje kjem til forståing med røyrleggjar, kan du kontakte Forbrukarrådet tlf.: 815 58 200.

Sist oppdatert: 22.11.2007 10:08
 

Relatert innhold:

Handler om

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)