Eg bytta strømleverandør forleden og betalte forskot på forbruket (a-konto). Men så fikk eg et bra tilbod frå eit anna selskap, og nytta angreretten. Nå viser det seg at dei trekker meg for et oppseiingsgebyr. Kan dei gjøre det?
Ein har 14 dagars angrefrist på tenester kjøpt gjennom fjernsal - dersom alle opplysningar om angreretten og skjema er gitt.
Du opplyser ikkje om korleis avtalen kom i stand (internett, telefon eller post), men om avtalen oppsto gjennom telefonkontakt, har du krav på å få tilbake alt det du betalte på forhand.
Strømselskapet har ikkje anledning til å krevje oppseiings- eller angregebyr.
Tips en venn om denne artikkelen
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)