Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Telefonrekning - uvanleg høg

Hører til mobiltelefon

Spørsmål:

Eg har nett fått telefonrekning og den er fleire tusen kroner dyrare enn den plar å vere. Dette er riv ruskande gale for det er ført opp mange utanlandssamtaler og samtaler til mobiltelefonar som vi aldri har ringt. Det er berre kona og eg som brukar telefonen. Vi har av en grunn god kontroll med telefonbruken. Kan Forbrukarrådet hjelpe oss med dette?

Svar:

Klag skriftleg til den teleoperatøren du fekk rekning frå. Opplys om kva som er gale med rekninga, etter di oppfatning. Be gjerne om at rekninga vert samanlikna med den vanlege telefonbruken bakover i tid.

Vert svaret negativt, kan du klage saka inn for noko som heiter Brukarklagenemnda og hjelpa er gratis. Nemnda er ein nøytral instans som skal avgjere tvistar mellom kundar og ulike teleoperatørar.

Nemnda vert leia av ein uavhengig formann som er jurist og har elles representantar for både forbrukarane og teleoperatørane. Men operatørane sine representantar får ikkje være med når klager på eige selskap skal handsamast. Nemnda vil også ha tilgang til fagfolk med teknisk kompetanse.

Sist oppdatert: 13.06.2006 09:33
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)