På grunn av eit uhell vart eg nokre dagar for sein med å betale renter og avdrag på studielånet. Dermed fekk eg eit purregebyr på kr 260! Vanleg næringsdrivande kan ikkje ta meir enn 53 kroner for ei purring. Kvifor har Statens lånekasse lov til å ta eit mykje høgare gebyr enn andre?
Fordi Stortinget har bestemt det. Akkurat som staten har bestemt at purregebyr for vegavgift og lisensavgift skal vere mykje høgare enn vanlege purregebyr. Forbrukarrådet reagerar også på denne forskjellsbehandlinga og minner om oppfordringa i Forbruker-rapporten nr. 2/2001 der det heitte: ”Send ei klår melding til finansministeren."
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)