Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Sydentur - klage på støy

Hører til pakkereiser

Spørsmål:

Mannen min og eg er nyleg komne heim etter ein 14 dagars sydentur. Dessverre vart deler av ferien mykje redusert, m.a. frå bråk av omkringliggjande diskotek som heldt det gåande heilt fram til klokka 4 - 5 kvar morgon. I tillegg hadde vi sjenerande trafikkstøy frå ein sterkt trafikkert veg rett utanfor leilegheita vår. Ikkje noko av dette var opplyst i brosjyra. Vi klaga til turoperatøren sine folk, men det synte seg å vere uråd å få flytt til eit rolegare strøk. No sit vi og ergrar oss over desse kritikkverdige forholda og meiner at turoperatørane bør kunne stillast til ansvar. Men kva kan vi gjere?

Svar:

Dei reisande er ikkje utan rettar ved feriereiser til utlandet. Syner det seg t.d. at der er eit stort misforhold mellom opplysningane i brosjyra og den faktiske tilstanden på feriestaden, vil ofte dei reisande ha krav på eit høveleg prisavslag.

Skriv derfor med ein gong til turoperatøren og poengter ting og forhold som de meiner er klanderverdige i høve til opplysningane i feriekatalogen. Nemn også at de ba selskapet sine folk om å skaffe ein rolegare bustad, men utan hell.

Avviser turoperatøren klaga, kan de bringe saka inn for Reklamasjonsnemnda for selskapsreiser. Hugs å legge ved kopi av aktuelle kvitteringar, billettar og all korrespondanse i saka. Hjelpa er gratis. Føresetnaden er at turoperatøren er medlem av «Den Norske Reisebransjeforening». Reklamasjonsnemnda er sett saman av representantar frå forbrukarsida og reiselivsnæringa og har ein nøytral jurist som formann.

Sist oppdatert: 18.08.2009 14:07
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)