Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Kjøp av jakke - bytterett

Hører til bytte av varer

Spørsmål:

Eg har handla meg ei vinterjakke. Då eg kom heim likte eg ikkje jakka så godt likevel. Neste dag tok eg kontakt med butikken og lurte på om jakka kunne leverast tilbake. Dette var i orden, og eg fekk tilbod om ein tilgodelapp på kjøpesummen. Eg ville ha pengane tilbake så eg kunne kjøpe meg jakke ein annan stad. Har eg krav på utbetaling av kjøpesummen ?

Svar:

Byteretten er ikkje regulert ved lov, men det har innarbeidd seg ein sedvane når det gjeld t.d. klede, gullsmedvarer og bøker. Føresetnaden er at vara blir bytt i tide, og at ho er ubrukt og like fin.

Jakka som du leverte tilbake var det ikkje noko i vegen med. Då må du nok nøye deg med tilgodelapp. Hadde jakka derimot hatt ein vesentleg feil eller mangel, ville kjøpslova sine reglar gjelde. I fall butikken ikkje kunne reparere mangelen ville du ha rett til heving av kjøpet og tilbakebetaling av kjøpesummen.

Tilgodelappen må du ta vare på som kontante pengar. Står det ikkje tidsfrist på lappen varer han i 3 år. Tilgodelappar bør ein ikkje spare på, men bruke dei så snart råd er. Går butikken konkurs, tapar ein lett verdien av tilgodelappen.

Sist oppdatert: 23.05.2006 23:27
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)