Ein kvinneleg student vart etter kvart irritert og redd for den mannlege husverten som stadig kom på uanmelde besøk i kjellarleilegheita. Også når leilegheita stod tom, var der ofte synlege teikn på at nokon hadde vore på inspeksjon. Kvinna tok difor kontakt med Forbrukarrådet i fylket og stilte spørsmålet: Har ein utleigar rett til å kome på uanmelde besøk og kontrollar? Og kan han gå inn i mi leilegheit når eg er borte?
Husleigelova set forbod mot slik trafikk av husverten. Rett nok har han høve til å inspisere av og til, men dette skal først skje etter at tidspunkt for inspeksjonen er avtalt med leigetakar.
Husverten har ikkje rett til å låse seg inn i bortleigde rom når leigetakar er ute. Berre ved akutt fare som brann og brot på vassleidning og liknande, kan utleigar nytte seg av naudretten til å låse seg inn med tanke på og avgrense eventuelt skadeomfang.
Ein grei måte å gjere utleigar merksam på desse lovreglane, er å vise fram Forbrukarrådet sitt faktablad om husleigelova. Her går det klårt fram kva spelereglar som gjeld. Kontakt Forbrukarrådet om dette er av interesse for deg.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)