Utleigar kravde depositum tilsvarande 3 gongar månadsleiga. Det sa eg ja til, men ved nøyare kontroll viser det seg at desse pengane gjekk rett inn på same konto som betaling av husleige. Mamma har sett noko om at slike pengar skal setjast inn på sperra konto. Dette tok eg opp med utleigar, men han vart rasande og trugar med å kaste meg ut om eg går vidare med saka. Kan han gjere det?
Nei! Utkasting kan berre skje ved misleghald av betaling, alternativt, vedvarande og sjenerande husbråk og liknande. Derimot kan utleigar risikere at feil oppbevaring og bruk av depositum vert meldt til politiet. Husleigelova set nemleg formelle krav til korleis dette skal gjerast. Depositum er ein økonomisk sikring for utleigar, men det er like fullt dine pengar.
Kravet er at depositumet skal setjast inn på sperra konto i bank slik at verken du eller utleigar kan disponere kontoen i utleigeperioda. Du som leigetakar har rett til å få utbetalt rentene av pengane når leigeforholdet opphøyrer. Om leigeforholdet er av lenger varigheit(fleire år), kan du krevje å få utbetalt renter under vegs. Krev banken gebyr for oppretting av depositumkonto, skal utleigar betale gebyret.
Utleigar kan krevje at banken utbetalar depositumet eller deler av dette når leigeforholdet opphøyrer. Dette kan vere til dekning av kostnader som t.d.:
For at banken skal utbetale pengar av depositumkonto til utleiger, treng banken ditt samtykkje. Er kravet frå utleigar rettkome, vil det vere best om du gir eit slikt samtykke frivilleg. I motsett fall risikerer du at namnsmannen vert kopla inn i saka. Får utleigar medhald, blir dette ein fordyrande prosess deg.
Har du framleis spørsmål om depositum, så kontakt Forbrukarrådet.
Tips en venn om denne artikkelen
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)