Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Gravearbeid - pristilbod var ikkje inkludert meirverdiavgift

Hører til bolig og håndverkere

Spørsmål:

Ein del av tomta rundt huset vårt måtte drenerast. Pris for gravearbeid vart henta inn og eg fekk skriftleg tilbod frå 3 entreprenørar. Den billegaste på kr. 18 000,- vart vald. Da arbeidet var gjort og rekninga kom hadde entreprenøren plussa på meirverdiavgift. Firmaet vart kontakta, men eg fekk svar tilbake om at dette var vanleg. Sidan eg fekk ein fast pris på arbeidet er eg i tvil om eg pliktar å betale meir enn det som var avtalt?

Svar:

Når du som forbrukar får opplyst ein pris utan atterhald, har du i følgje handverkartenestelova krav på at prisen er inkludert meirverdiavgift og eventuelle andre offentlege avgifter. Dette inneber at du ikkje treng betale meir enn den prisen du fekk oppgitt. Rekninga bør betalast innan fristen samtidig som du sender eit brev til firmaet og forklarar kvifor du ikkje vil betale meir enn tilbodsprisen.

Får du problem med firmaet, så kan du gjerne kontakte Forbrukarrådet. Til orientering vil vi også nemne at dersom ein ikkje får oppgitt fast pris, men derimot eit prisoverslag, kan ikkje denne prisen aukast med meir enn inntil 15 %. Prisoverslaget skal også være inkludert mva. om ikkje anna går fram av avtalen.

Sist oppdatert: 24.03.2009 14:58
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)