Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Bruktbilkjøp mellom private - reklamasjonsfrist

Hører til garanti og bil

Spørsmål:

For vel 2 år sidan kjøpte eg ein brukt bil frå ein privatperson. For kort tid sidan havarerte motoren, og eg tok kontakt med seljar. Han avviste ansvar i saka og hevda attpå til at reklamasjonen var sett fram for seint. Kan dette vere rett? Er ikkje reklamasjonsfristen 5 år?

Svar:

Reklamasjonsfristen på 5 år gjeld ikkje ved kjøp mellom privatpersonar. Her vil reklamasjonsfristen vere inntil 2 år. Dette betyr at du har reklamert for seint. Det er heller ikkje nokon automatikk i at seljar ville ha vore ansvarlig for motorhavariet, sjølv om du reklamerte innan 2-årsfristen. Du måtte i så fall kunne bevise at motorhavariet skjedde på grunn av feil som kunne førast tilbake til kjøpstidspunktet.

Ver merksam på at dersom det er mindre enn 5 år sidan bilen vart seld av ein yrkesseljar kan du som hovudregel rette reklamasjonen mot denne yrkesseljaren.

Sist oppdatert: 15.08.2006 13:58
 

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl. Ansvarlig redaktør for Forbruker-rapporten er Jarle Oppedal.

RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)