Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Avslutning av leigeforhold - utbetaling av depositum

Hører til leie bolig

Spørsmål:

Eg har nettopp flytta ut av ei leilegheit som eg har leigd i vel to år. Siste husleige er betalt i samsvar med kontrakt. Leilegheita var også reinvaska og fin når den vart overlevert utleigar. Likevel vil han ikkje ut med depositumet! Banken seier at dei helst vil ha utleigaren sitt samtykkje før depositumet vert utbetalt. Dette for å unngå bråk med utleigar. Kva kan eg gjere?

Svar:

Banken kan ikkje fråskrive seg ansvaret på denne måten. Du må krevje depositumet utbetalt frå banken. Banken skal i slike høve gje utleigar ein frist på ein månad til å kome med eventuelle krav før utbetaling kan finne stad.

For å hindre at banken utbetalar depositumet til deg kan utleigar gjere ein av to ting innan fristen, nemleg:

1
Dokumentere at du skuldar husleige, eventuelt andre ting.
2
Dokumentere at han har gått til sak mot deg.

Dersom ikkje utleigar gjer noko av dette, pliktar banken å utbetale depositumet med renter. Ta gjerne kontakt med Forbrukarrådet om ikkje dette går i orden.

Sist oppdatert: 15.01.2007 10:00
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)