Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Vedomnar

Hører til strøm

Forbruker-rapporten 09/2003 har fått testa til saman fem lukka vedomnar. Omnane er testa samanliknande, men ikkje rangert. Omnane er godkjende for og finst i sal i Noreg.

Testane er utført hjå Sveriges Provnings- och Forskningsinstitut på oppdrag frå Det svenske Konsumentverket og Forbruker-rapporten. Testen er gjort i samsvar med internasjonale standardar og den nasjonale godkjenningsordninga i Sverige.

I denne testen har vi ikkje delt ut karakterar til produkta. Dei er heller ikkje rangerte ut frå ei samla vurdering. Rekkjefølgja i lista byggjer på verknadsgraden ved full fyring. Resultata blir mest meiningsfulle om du samanliknar dei ymse omnane.

Desse omnane er med i testen:

Contura 550:

Pris 13 900 kroner. Produsert av Nibe AB i Sverige. Ein stilig, middels høg og slank omn frå Sverige. Den har store glassflater som gjev godt innsyn til flammane. Omnen er lagd i jern, glas og kleberstein eller keramikk. Innsida er kledd i vermiculite og støypejern. Omnen tek vedskier opp til 33 centimeter.

Omnen framstår som den mest varmeeffektive. Utsleppa er høge ved hard fyring og middels ved svak fyring. Omnen er lite fleksibel då det er lite å vinne på å variere fyringsnivået.

Handøl Silvia:

Pris fra 21 400 kroner. Produsert av Nibe AB i Sverige .

Åttekanta omn i keramikk med støypejern og teglstein i brennkammer. Omnen framstår elegant som ein halvhøg moderne kakkelomn. Stor glasluke gjev godt innsyn til flammane.

Dette er den dyraste omnen i testen, og den nest mest effektive. Varmen kan regulerast godt med mengda ved og utsleppa er gjennomsnittlege. Kan ta vedskier opp til 35 centimeter.

Scan Basic 4:

Pris 9950 kroner. Produsert av Krog Iversen & Co AS i Danmark.

Nok ein slank og middels høg omn i stål og anten keramikk eller kleberstein. Innvendig er omnen kledd med vermiculite og den er enkel å halde rein.

Dette er ein av dei billege omnane i testen. Den har god verknadsgrad både på høg og låg fyring. Ingen andre omnar slepp ut så lite organisk gass som denne. Det er også lett å regulere effekten med mengda ved ein brukar.

Jøtul F250:

Pris 9490 kroner. Produsert av Jøtul AS i Norge.

Moderne utsjåande omn i metall og glas. Omnen har runde former og er ikkje særleg høg. Brennkammeret er av støypejern og kledd med vermiculite. Kan ta vedskier opp til 33 centimeter.

Dette er den billegaste av omnane i testen. Den har jevn, men litt dårlegare verkegrad enn dei utanlandske omnane. Jøtul seier sjølve at dette skuldast at omnen er tenkt montert med eit heller langt og synleg røykrør mellom omnen og pipa. I testen er det imidlertid brukt kort røykrør, noko som svekker verknadsgraden for Jøtul-omnane.

Utsleppa fra denne omnen er lågare enn gjennomsnittet.

Jøtul F400:

Pris 10 790 kroner. Produsert av Jøtul AS i Norge.

Omnen ser gamal ut, men er ein moderne omn i støypejern med store glasflater og sprosser. Kan ta vedskier opp til 50 centimeter.

Denne omnen gjev svært høg effekt ved full fyring, men har minst verknadsgrad av dei testa omnane. Jøtul har ei ijnnvending mot dette (sjå omtale av Jøtul F250). Verknadsgraden er likevel ikkje mykje mindre enn hjå dei andre. Omnen er svært fleksibel med omsyn til temperatur. Utsleppa er imidlertid dei høgste i testen, og svært mykje høgare enn dei andre sine utslepp.

pdf-format Last ned «Vedomnar» (212 Kb)

Bookmark and Share
 

Andre tester av vedovner:

  • november 2003

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)