Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Kontrakt for kjøp av fritidsbåtar mellom private (nynorsk)

Dette er ein kontrakt som kan brukast ved sal av brukt fritidsbåt mellom privatpersonar. Vi oppmodar seljar til å fylle ut alle punkta i kontrakten som er relevante, og kjøpar til å undersøkje båten i samsvar med råda som blir gitt på slutten av kontrakten.

Kontrakten har eit punkt der det blir spurt om båten blir seld «som han er». Eit slikt atterhald avgrensar kjøparen sine rettar og seljaren sitt ansvar. Sjølv om det blir kryssa av for at båten blir seld med eit slikt atterhald, er seljar likevel ansvarleg dersom han har tilbakehalde eller gitt feil opplysningar, eller dersom båten er i vesentleg dårlegare stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med.

Ver merksam på at fritidsfarty med ei lengde på 7 meter og meir, kan registrerast i Skipsregisteret-NOR. Dersom fartyet er over 15 meter eller allereie er registrert i registeret, pliktar kjøpar og seljar og melde frå om salet til Skipsregisteret. Fritidsfarty under 7 meter blir ikkje registrert.

Skal fartyet registrerast i NOR, må det i tillegg utferdast skipsskøyte. Dette kan lastast ned her.

Vi tilrår at kjøpar undersøkjer i Skipsregisteret-NOR og i Løsøreregisteret i Brønnøysund, om det er registrert utlegg eller pant i båten.

pdf-format Last ned «Kontrakt for kjøp av fritidsbåtar mellom private (nynorsk)» (238 Kb)

Sist oppdatert: 02.05.11 13:24
Bookmark and Share
 

Relatert innhold:

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)