Hopp til innhold  Hopp til navigasjon   

Liste med hovedtemaer for forbrukerportalen

Flyrettane dine (nynorsk)

Har du nokon gong opplevd vanskar på flyreiser? Vi fortel deg kva du har krav på dersom du får trøbbel med forseinkingar og kanselleringar, eller dersom du har mist bagasjen din eller billettane dine.

ENDELEG er alt klart! Du skal på tur, har pakka kofferten og kan ikkje vente med å komme deg av garde til flyplassen. Men så skjer det seg: Noko uventa hender, og der står du i villfaring. Kva gjer du no?

Anten du opplever at flyturen blir kansellert, eller at bagasjen din blir borte, så er det surt. Surt kan det òg vere å møte påståeleg skrankepersonale som ikkje gir deg den servicen du meiner å ha krav på. Og det er nettopp her mange får problem. For kva har du eigentleg krav på når ulike problem oppstår? Er det felles køyrereglar, eller varierer praksisen?

Det er slett ikkje usannsynleg at du opplever det siste. For det er ei kjensgjerning at enkelte selskap er meir opptekne av kundeservice enn andre. Nokre prioriterer det og har kundeservice som ein del av både retningslinjer og avtaleverk. Andre er ikkje så nøye på akkurat det – berre dei får fly så mange som mogleg. Men igjen: Kva rettar du har, er avhengig av kva problem du støyter på, og om du reiser i inn- eller utland. Enkelte flyselskap klarer å trylle fram eit smil sjølv hos den mest irriterte og utålmodige kunde, mens andre opptrer slik at det er liten sjanse for at kunden nokosinne kjem til å bestille ein billett hos dei igjen.

Uansett kan det vere greitt å vite kva basisrettar forbrukarmyndigheitene meiner at du har krav på. Nedanfor kan du lese kva rådgivar og jurist Jon Andreas Lange ved Forbrukarrådet og rådgivar og prosjektleiar Jo Torkel Gjedrem ved Forbrukarombodet meiner at du kan krevje i ulike situasjonar:

1) Kva har eg krav på dersom flyet eg skal reise med, blir kansellert?

– Du kan alltid krevje å få billettpengane tilbake. Eventuelt kan du krevje ombooking til neste ledige avgang eller til eit seinare tidspunkt som du vel sjølv. Fører kanselleringa til forseinking, kan du i tillegg krevje erstatning for økonomisk tap på grunn av forseinkinga. Føresetnaden er at selskapet eller kontrakthjelparane deira ikkje har gjort alt dei kunne for å unngå forseinkinga. Her er det flyselskapet som har bevisføringsplikt, seier jurist Jon Andreas Lange i Forbrukarrådet.

2) Kva rettar har eg dersom flyet blir forseinka?

– Er forseinkinga vesentleg, kan du, som ved ei kansellering, krevje billettprisen tilbake eller krevje ombooking. I tillegg kan du krevje erstatning for økonomisk tap etter dei same prinsippa som ved kanselleringar, seier Jon Andreas Lange.

3) Har eg krav på noko dersom eg ikkje rekk flyet fordi det er kø ved innsjekkinga eller i tryggleikskontrollen?

– Utgangspunktet er at passasjeren sjølv har ansvar for å møte opp i rimeleg tid. Mister du flyet fordi du har møtt opp seinare enn det flyselskapa krev, så har du vanlegvis ingen rettar, seier Jon Andreas Lange.

4) Kva har eg krav på dersom flyet eg skal reise med, viser seg å vere overbooka?

– Eit eige EU-direktiv gir deg rett til å velje mellom full tilbakebetaling av billettprisen, ombooking på neste ledige fly eller ombooking på eit seinare tidspunkt som du vel sjølv. I tillegg skal du ha 150 euro eller 300 euro (1 euro = ca. 7 norske kroner) avhengig av om flyginga er på mindre eller meir enn 3500 km. Er forseinkinga på under to timar på flygingar under 3500 km – eller under fire timar på flygingar over 3500 km – kan selskapet halvere kompenasjonen. Du kan krevje å få kompensasjonen utbetalt kontant. Du skal òg få dekt utgiftene til telefon til reisemålet, mat og drikke i rimeleg utstrekning og hotellopphald dersom det er nødvendig, seier Lange i Forbrukarrådet.

5) Har eg nokre rettar dersom eg kjem for seint til ombordstiginga?

– Det må du i utgangspunktet bere ansvaret for sjølv, men viss du kjem for seint fordi eit tilslutningsfly er forseinka, kan det sistnemnde flyselskapet vere ansvarleg for forseinkinga, seier rådgivar Jo Torkel Gjedrem ved Forbrukarombodet.

6) Kva skjer om det står feil frammøtetid på billetten, eller om eg mister flyet på grunn av feil eller manglande informasjon?

– Dersom du har fått mangelfull informasjon frå flyselskapet eller kontrakthjelparane til flyselskapet og mister flyet av den grunn, kan du sjølvsagt krevje å få tilbake pengane. Du kan òg krevje erstatning for økonomisk tap som følgje av forseinkinga, seier Jon Andreas Lange.

7) Kva har eg krav på dersom eg, til dømes på grunn av dårleg vêr, endar opp på ein annan destinasjon enn den som var planlagd?

- Flyselskapet pliktar å få deg til reisemålet ditt så raskt som mogleg. Vanlegvis blir også mat og drikke undervegs dekt, seier Jon Andreas Lange.

8) Kan eg endre på billetten etter at eg har bestilt han?

- Det kjem an på kva billettype du har kjøpt. Ofte er det slik at dess dyrare billetten er, dess meir fleksibel er han. Lågprisbillettane kan vanlegvis ikkje endrast så lett når dei først er kjøpte, seier Jo Torkel Gjedrem ved Forbrukarombodet.

9) Kan eg overdra billetten min til ein annan person?

– SAS, Braathens og Widerøe gir forbrukarane høve til å overdra billettane inntil 24 timar før avreise mot eit gebyr på om lag 170 kroner. Forbrukarombodet arbeider for at dei andre flyselskapa skal gjere det same, seier Gjedrem.

10) Kan eg avbestille ein billett kort tid før avreise?

– Det er i regelen ikkje mogleg å avbestille billegbillettar og økonomiklassebillettar kort tid før avreise. Reiseforsikringa kan imidlertid dekkje tapet, særleg i samband med sjukdom, seier Jo Torkel Gjedrem.

11) Har eg nokon rettar dersom eg har rota bort billetten eller ikkje får henta han i tide hos reisebyrået eller flyselskapet?

– Kva som skjer når du ikkje hentar billetten i tide, er ikkje regulert, men eg synest ikkje det er urimeleg om selskapa då seier at du må betale likevel. Dersom du har mist billetten, har du krav på å få att pengane dine eller å få ein ny billett mot å betale eit rimeleg administrasjonsgebyr. Skulle den miste billetten seinare bli brukt av nokon andre, kan flyselskapet under visse føresetnader krevje billettpengane tilbake, seier Jo Torkel Gjedrem.

12) Har eg krav på noko dersom eg får flyreisa mi øydelagd av eit rusa reisefølgje?

– Der er det ikkje noko å hente. Erstatning krev for det første at selskapet på ein eller annan måte kan klandrast. For det andre må du ha lidd eit økonomisk tap. Slike ting som irritasjon og ulempe blir ikkje dekte, seier Jon Andreas Lange.

13) Kva rettar har eg dersom bagasjen min blir borte?

– Skjer det etter at du har sjekka inn, er selskapet erstatningsansvarleg, opplyser Lange.

14) Kva har eg krav på dersom bagasjen min blir forseinka?

– Du har i utgangspunktet krav på å få erstatta nødvendige utlegg. Praksisen varierer mellom dei ulike selskapa, seier Jon Andreas Lange.

15) Kva om bagasjen eller spesialbagasjen min blir øydelagd?

– Selskapet er ansvarleg viss skaden ikkje skuldast feil ved kofferten, uforsvarleg pakking eller liknande, seier Lange.

16) Kva rettar har eg dersom eg er handikappa og reiser utan personleg reisefølgje?

– Det kjem an på servicenivået og vilkåra til dei ulike selskapa. Ring på førehand og spør, oppmodar Jo Torkel Gjedrem. Han legg til at EU arbeider med å sikre handikappa flypassasjerar minimumsrettar.

17) Kva har eg krav på viss eg blir forseinka til eit flybyte?

– Flyselskapet er på nærmare vilkår ansvarleg for økonomiske tap som dei påfører passasjerane sine på grunn av forseinking. Det vil seie at selskapet ofte må dekkje dei økonomiske tapa dine, til dømes utlegg til ny flybillett, dersom du ikkje rekk neste fly. Det er store forskjellar mellom selskapa når det gjeld kva service og rettar dei gir passasjerane i slike situasjonar. Enkelte billigselskap fråskriv seg urettmessig alt ansvar, mens andre selskap tek eit reelt ansvar for aktivt å organisere transporten vidare på ein mest mogleg smertefri måte, særlig når den påfølgjande flyginga skjer med ein alliansepartnar, seier Jo Torkel Gjedrem ved Forbrukarombodet.

18) Kva rettar har eg dersom flyselskapet eg har bestilt billett hos, går konkurs?

– Pakkereiseoperatørar må stille ein økonomisk garanti som sikrar deg i tilfelle konkurs. Ei slik ordning finst ikkje for flyselskap. Det vil seie at både reisa og pengane ofte går tapt dersom flyselskapet går konkurs, seier Gjedrem.

19) Kva skjer dersom eg på grunn av forseinking må vente i mange timar i samband med flybyte?

– Flyselskapet må dekkje mat, drikke og andre nødvendige utlegg dersom dei er ansvarlege for forseinkinga, seier Gjedrem.

20) Kva har eg krav på dersom ei forseinking gjer at eg mister eit viktig møte eller går glipp av til dømes ein kamp eller konsert som eg har billettar til?

– Flyselskapet må dekkje økonomiske tap som flypassasjeren blir påført som følgje av forseinkinga, dersom dei er ansvarlege for henne. Men ansvaret er avgrensa oppover til 4150 SDR (1 SDR = cirka 10 norske kroner), seier Gjedrem.

Kort om ekspertane:

Jon Andreas Lange er rådgivar og jurist i Forbrukarrådet. Han jobbar med forsikring, personvern og elektronisk kommunikasjon og har spisskompetanse på kjøpsrett og transport.

Jo Torkel Gjedrem er prosjektleiar og rådgivar i Forbrukarombodet. Han jobbar med alt frå flyreiserettar til finansielle tenester og landbasert persontransport.

Sist oppdatert: 17.09.07 09:45
Bookmark and Share

© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.

Ansvarlig redaktør for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl.
RSS Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)