Når du skal du leige hybel eller leilegheit, er det viktig å skrive ein skikkeleg kontrakt. Her gir Forbrukarrådet deg nyttige råd når du skal leige bustad.
Kvart år når skulen startar, får Forbrukarrådet mange spørsmål om leige av husvære.
Det viktigaste rådet er at du har ein skriftleg kontrakt.
Forbrukarrådet har laga ein standardkontrakt som du kan laste ned her.
Når du skal leige eit husvære, finst det to hovudtypar av kontraktar: tidsbestemte og ikkje-tidsbestemte. Tidsbestemte kontraktar tek slutt av seg sjølve når leigeperioden er over, mens ikkje-tidsbestemte kontraktar må seiast opp. Ei mellomform er tidsbestemte kontraktar som kan seiast opp i leigeperioden. Mange studentar får tilbod om ein tidsbestemt kontrakt. Dersom utleigaren bur i det same huset som utleigeeininga er i, kan han som regel ikkje tilby leigekontraktar som varer i mindre enn eitt år. Dersom han ikkje bur i huset, er den kortast lovlege leigeperioden tre år.
Mange studentar ønskjer imidlertid kortare kontraktar, slik at dei slepp å betale leige i sommarferien. Pass derfor på at avtalen gir deg oppseiingsrett. Du kan til dømes ha ein eittårig leigekontrakt med rett til å seie opp innanfor eittårsperioden.
Leiger du frå 1. august 2003, går ein eittårig kontrakt ut 31. juli 2004. Har de avtalt ei oppseiingstid på ein månad rekna frå dato til dato, kan du som leigetakar seie opp leilegheita ein månad før du ønskjer å flytte ut. Du kan til dømes seie opp 15. mai når du skal flytte ut 15. juni.
Du kan avtale kva du vil når det gjeld lengda på oppseiingstida og tidspunktet oppseiinga skal reknast frå. Som leigetakar kan du seie opp leilegheita utan å grunngi kvifor.
Hugs at du ikkje har angrerett. Skriv du under på ein leigeavtale, er du bunden av han. Dersom du signerer ein tidsbestemt leigeavtale på til dømes eitt år utan oppseiingsrett, må du i utgangspunktet betale leige i eit år. Du kan sjølvsagt prøve å komme deg ut av ein slik avtale ved å finne ein ny leigetakar som framleigar. Dersom utleigaren ikkje har sakleg grunn til å nekte å ta inn den nye leigaren, men nektar likevel, kan den tidsbestemte leigeavtalen seiast opp med oppseiingsfristane i husleigelova, sjå § 7-5.
Hybel Det gjeld eigne reglar for det husleigelova kallar enkle bustadrom, der leigaren ifølgje leigeavtalen har tilgang til ein annan bustad òg. Det må ikkje vere det same som det vi i daglegtalen kallar ein hybel. Eit enkelt bustadrom er kort sagt eit usjølvstendig husvære, altså som regel eitt enkelt rom.
Dersom utleigaren krev depositum, skal det opprettast ein depositumkonto i namnet til leigetakaren. Å måtte betale inn til utleigaren sin konto er ikkje akseptabelt, for utleigaren har då tilgang på pengane i leigeperioden, og du kan risikere at han bruker dei opp. I leigeperioden skal depositumet stå på ein sperra konto som tilhøyrer leigaren. Det er utleigaren som skal betale utgiftene med å opprette ein depositumkonto.
Ofte deler fleire studentar ei større leilegheit. Dersom fleire skal dele leilegheit, må de sjå til å ha orden både på kontraktforholda og depositumet. Leigetakarar har både rettar og plikter. Det er den leigetakaren som har depositumkontoen i sitt namn, som først høyrer frå utleigaren dersom han krev å få noko dekt. Og det er den som står oppført som leigetakar i kontrakten, som i første rekkje har ansvar overfor utleigaren for manglande innbetalingar eller skadar på leilegheita.
© forbrukerportalen.no Har du kommentarer til nettstedet, send e-post til webredaksjonen.
Ansvarlig redaktører for innholdet på forbrukerportalen er Julie Bianca Dahl og Jarle Oppedal.
Nyhetsbrev og syndikerte nyheter (RSS og ATOM)